Sommar-liv i kulturhuset
Dei neste dagane i Oseana: Tre kunstutstillingar, tre unge prisvinnarar og to smekkfulle dagar i restauranten.
Det er sommartempo i Os. Enkelte plassar betyr det travle tider – andre plassar, litt rolegare dagar. Som i Oseana kunst- og kultursenter.
– Men vi har hatt to dagar denne veka med smikkfull restaurant, måndag og tysdag hadde vi fullt opp og vi ventar like mange gjestar over helga, fortel Roald Mjelstad frå Oseana Kafé og Restaurant.
Oppskrifta på å fylla restauranten har vore kostbar, men enkel.
– Vi har ein kampanje med halv pris måndag og tysdag, to elles rolege dagar, til dei med BT-kortet. Det har verkeleg slått an.
– Vi bryr oss ikkje om dette kostar pengar. Vi håper vi går i null på stuntet og ser at vi får vist restauranten og Oseana til mange som ikkje har vore her før, og som vi håper kjem tilbake fleire gongar.
Kunst, mat og musikk
Humorsatsinga i sommarferien i fjor slo ikkje heilt an, men kammerkonsert-programmet frå MusicaNord blei vidareført i år.
– Den første konserten var søndagen etter bluesfestivalen. Då var det veldig lite folk her, seier Berit Steen.
– Men no på søndag hadde vi litt fleire, og dei koste seg, tok middag i same slengen, og med på kjøpet fekk dei sett både skulpturutstillinga i foajeen, den nye utstillinga i Griegsamlinga og gjesteutstillat Kjell Nupen si utstilling i Hvelvet.
Søndag er det tid for den tredje av planlagte åtte kammerkonsertar.
Då serverer MusicaNord oss ein konsert med Ensemble conTrema, tre unge musikkstudentar, solistar, prisvinnarar, utøvarar som har gjort seg sterkt bemerka på konsertscenar både i inn- og utland.
Anna Melander (fløyte), Jun Sasaki (cello) og Oda Voltersvik (piano) speler verk av Grieg, Haydn, Bach, Martinu og Durufle.