– Har sjeldan ledd så mykje
Noregs standup-dronning, Elina Krantz, fortel om fullsett turné til no. Men til laurdagens show på Oseana er det over 100 ledige billettar.
– Turneen har vore eit eventyr til no, med fullsett sal og ekstranummer, fortel Elina Krantz frå Stand Up Norge.
– Frå standup og song til dans og truleg Noregs beste Stoltenberg-imitasjon, det er eit strålande show og ei morosam framsyning. Eg har sjeldan ledd så mykje, seier Krantz, som kanskje er blant dei i Noreg som ler mest.
1/3 er selt
Dei tre kjente komikarane Nils-Ingar Aadne, Jonna Støme og Cecilie Steinmann Neess har sett opp eit sommarshow som dei har miniturné med i sommar.
Os og Oseana er eitt av tre stoppestadar. Men medan Stavern og Mandal var fullsett sal har Oseana førebels berre selt rundt 40 billettar, etter at dei reduserte frå planlagte tre til éi framsyning.
– Folk veit at vi har god kapasitet, og ventar kanskje med å kjøpa billettar, sånn som då Absence var her i mars, fortel programsjef Berit Steen.
Også då hadde Oseana berre selt 40 billettar to dagar i forvegen. Det enda med 460 selte billettar og eit forrykande Askeladden-show.
– No har vi berre rundt 150 billettar, så om salet lausnar fredag kan det fort bli fullt, seier Steen.
I foajeen
Showet var planlagt på Oseana UteScene, men er flytta inn i foajeen.
– Då blir det litt ute-inne, vi får lyset og utsikta, men slepp eventuelt vatn og vind.
– Vi riggar til med stolar rundt småbord så folk sit godt under showet, lover programsjefen.
Midtsiden sameside: Oseana