Fotball | 27. juni 2012

Sølv til Nore Neset-jentene!

Nore Neset jenter 14 klarte ikkje å hamla opp med Klepp i år heller, men reiser heim frå Kristiansand med ein fin sølvmedalje i bagasjen.

Sølv til Nore Neset-jentene!
Sølv i PlussbankCup 2012: Nore Neset småjenter 14 under premieutdelinga på Sør Arena i dag. (Privat mobilfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juni 2012 10:02

Etter uavgjort i første innleiande kamp vann småjentelaget til Nore Neset alt fram til finalen i PlussbankCup, som blei spelt på Sør Arena onsdag formiddag.

I dag møtte dei Klepp i finalen, eit lag dei i fjor tapte 0-5 for i kvartfinalen.

– Klepp fekk eit tidleg mål og var best i starten. Vi kom litt tilbake på tampen av omgangen, men klarte ikkje å utlikna før pause, seier Jarle Heltne frå Nore Neset idrettslag.

Nore Neset hadde tre av dei betre spelarane for halv maskin grunna skade, fleire av dei spelte lite i finalen.

– Andre omgang blei tøffare for jentene våre og Klepp, som er eit veldig godt lag, vann fortent. Men vi er nøgd med å ta sølv i ein så stor cup, seier Heltne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.