Sport | 26. juni 2012

Speler finale på Sør Arena

Fædrelandsvennen sender direkte når jenter 14 frå Nore Neset onsdag speler finale i PlussbankCup.

Speler finale på Sør Arena
Nore Neset-jentene med trenarar. (Privat mobilfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. juni 2012 18:55

Småjentelaget til Nore Neset, som kom på 2. plass i 1. divisjon i årets vårserie, gjer det skarpt i PlussbankCup i Kristiansand.

– Vi starta med 1-1 mot Bryne i første innleiande kamp, men så blei det 6-0 over Donn og 3-2 over Baune, fortel Jarle Heltne, pappa og med i trenarapparatet rundt jentene.

I kvartfinalen vann dei 2-0 over Lia, i semifinalen blei det 1-0-siger over Mandalskameratene.

– I finalen møter vi Klepp, som slo oss 5-0 i kvartfinalen i fjor. Men vi har tru på at vi skal slå dei i år, vi er eit langt betre lag enn for eitt år sidan, seier Heltne.

Klokka 10 onsdag formiddag speler Nore Neset finale mot Klepp på Sør Arena, ein kamp Fædrelandsvennen sender direkte på nett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.