Fotball | 01. mai 2022

Solid kamp mot styrka Haugesund 2

Lysekloster tok full pott på bortebane.

Solid kamp mot styrka Haugesund 2
Ole Kallevåg, her mot Djerv 1919, skåra sitt første for Lysekloster då han sette inn 0-1 i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. mai 2022 18:46

Lysekloster sto med 1-1-1 etter tap for Åkra førre runde, og reiste til Haugesund innstilt på å setja sjansane sine.

– Haugesund 2 stilte med seks spelarar frå A-stallen, og det blei ein fartsfylt og underhaldande kamp, synest Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Fleire av dei har spelt dei fleste Eliteserie-rundane i år, som Chuhwak og Holtan, som har spelt alle fem.

– Heldigvis sette vi nokre av sjansane våre i dag, i tillegg var vi bunnsolide bak.

Lysekloster gjekk opp i 0-1 etter 22 minutt.

– Ole sitt første mål for oss var eit flott skot frå minst 20 meter og rett i krysset, fortel Hetlevik.

Så auka dei til 0-2 då Alme la eit hardt innlegg frå dødlinja, og ein Haugesund 2-spelar skåra sjølvmål.

Vertane reduserte før pause, men det blei deira einaste mål i kampen.

Lysekloster skåra to til midt i andre omgang, og vann komfortabelt.

Haugesund 2 - Lysekloster 1-4 (1-2)
Målskårarar, Lysekloster: Ole Kallevåg, Tobias Heltne Alme og Christian Dahl.
Kampfakta på fotball.no

Lysekloster tar imot Stord laurdag (kl 14).

Stord har tatt berre 3 poeng på dei første 4 kampane.

Fleire resultat i 4. runde:
Åkra - Bremnes 0-0
Fana - Djerv 1919 6-0
Stord - Sola 4-0
Sandnes Ulf 2 - Brodd 1-1

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.