Lokal | 09. mars 2016

Søkjer om midler til forprosjekt

Os kulturutvikling tek opp att ideen om å videreutvikla vognhallen i sentrum og søkjer kommunen om midler til forprosjekt.

Søkjer om midler til forprosjekt
Os kulturutvikling søkjer KUP-midlar til forprosjekt for å vidareutvikle vognhallen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. mars 2016 13:45

Bildeserie:

Slik ser skissa som Os kulturutvikling har fått utarbeidd ut (ill: Os kulturutvikling/ABO)
Slik ser skissa som Os kulturutvikling har fått utarbeidd ut (ill: Os kulturutvikling/ABO)
Omlag som dette kan det bli sjåande ut (ill: Os kulturutvikling/ABO)
Omlag som dette kan det bli sjåande ut (ill: Os kulturutvikling/ABO)
1 av 2

Os kulturutvikling har i lengre tid hatt eit ønskje om å få rusta opp og utvikla den gamle vognhallen i sentrum. I samband med ombygginga på Oseana lanserte til og med dåverande rådmann Knut Terje Rekve tanken om å hjelpa til med å dette for å skaffa mellombels plass til kulturskulen.

Vil starta forprosjekt

No har Os kulturutvikling tatt oppatt tråden og søkjer om 45 000 kroner i støtte frå dei lokale KUP-midla for å kunne utarbeida eit forprosjekt. Forprosjektet har ei total kostnadsramme på 90 000 kroner, kor organisasjonen sjølv stiller med halve summen.

– Vognhallen på Osøyro har ved fleire høve tent som ein kulturarena i Os: Her er det arrangert store konsertar i regi av Os blues- og jazzfestival, og i snart ti år er skulpturarbeidet og –kursa i samband med skulptursymposiet lagt til vognhallen. No ønskjer vi å vidareutvikla vognhallen som arena for kunst- og kulturhendingar i Os, skriv dei i søknaden.

«Allrom» med verksted og intimscene

Os kulturutvikling ser for seg eit omlag 155 kvadratmeter stor innebygd allrom i sørenden av hallen. Eit rom som kan ha plass til utstillingar, verkstad/gjesteatelier og intimscene.

– Bygget er tenkt utstyrt med faldeveggar som vil gjera det lett å tilpassa lokalet alt etter aktivitet og kor mange som deltar. Bygget vil også ha ein hems og fasilitetar som kjøken, garderobar/wc og lager.

– Bygget er skissert slik at det på ingen måte er til hinder for aktivitetar i resten av hallen. Tvert om ser vi for oss at fasilitetane i det nye bygget vil gjera vognhallen langt meir attraktiv til utandørskonsertar, marknader/torg, symposium eller andre kunstopplevingar.

Midt på kulturaksen

Den karakteristiske vognhallfasaden og hall-kjensla vil dei bevara og ta vare på.

– Vi trur nybygget vil løfta, ikkje berre vognhallen, men også aksen Osøyro-Oseana.

– Kulturlivet i Os opplever vekst i innanfor teater, dans, rollespel, nye kunst- og musikksjangrar etc. Her er det ofte snakk om små grupper som treng funksjonelle, om enn ikkje så store lokale. Desse aktivitetane vert gjerne organisert i form av work shops og helgesamlingar, og treng lokale som ikkje er bunde opp eit år på førehand.

– Bygget i vognhallen vil styrka denne delen av kulturlivet, og ligg i tillegg sentralt plassert i høve til sambruk med Oseana/Os kulturskule, argumenterar Os kulturutvikling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.