Mogleg kulturskule?
Kan vognhallen byggast om til å huse deler av kulturskulen. - Det er eit alternativ, seier rådmannen.
Arbeidstilsynet har ikkje godkjent dei fire øvingslokala i Oseana då desse manglar dagslys og utsyn slik som § 13 i forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokalar krev. Konsekvensen kan bli at delar av kulturskulen må forlata kulturhuset.
- Vi ønsker framleis at kulturskulen skal ha tilknytting til Oseana, seier rådmann Knut Terje Rekve.
Les óg: Inga tilgjeving å få.
Bakgrunn for at rådmannen framleis ønskjer at kulturskulen skal ha eit band inn til Oseana er dei positive ringverknadane som kjem av møte mellom amatørane som går på kulturskulen og dei profesjonelle som nyttar huset.
Kanskje vognhallen?
Rådmannen vil etter sommarferien settje ned ei prosjektgruppe som skal sjå på kva ein skal gjera med arbeidstilsynet sine pålegg og korleis ein skal ivareta aktiviteten i kulturskulen.
- Det er ikkje alle dei tilsette ved kulturskulen som er misnøgde. Nokre ønskjer å vera i Oseana, sjølv med pålegga frå arbeidstilsynet.
- Vi må gå i ein god dialog med dei tilsette for å sjå kva vi skal gjera.
- Kanskje kan Vognhallen vera eit alternativ, drøser ein feriekreativ rådmann.
Manglar finansiering
Argumentasjonen til rådmannen er mellomanna ønskje frå Os kulturstifting om å få rusta opp vognhallen og nytta det til kulturaktivitetar.
- Dei har jo slitt med å få finansiering til planane sine, kanskje kan det vera ei løysing å få delar av kulturskulen inn der.
- Bygget står der og plasseringa er god i høve til knyttinga opp mot den delen av verksemda som framleis vil halde hus i Oseana. Kanskje kan det vera med på å ta vognhallen vidare i høve til finansiering.
Fjellheim for dyrt
Om ideen til rådmannen er god overlet han til prosjektgruppa å vurdera.
- Det får nesten bli dei som får vurdera kva som er klokast å gjera. Ein dialog med stiftinga vil i såfall vera viktig.
- Kva med Fjellheim?
- Eg opplever ikkje at det er ei politisk vilje til det.
- I tillegg trur eg Fjellheim vil bli kostbart å rusta opp til den standarden som krevs. Då får vi heller sjå på kva vi kan få til i samband med opprustinga av Os ungdomsskule, avsluttar rådmann Knut Terje Rekve.