Snakka frå seg sjanse til å ta poeng
Førde Eriksen fekk gult kort i siste speleminutt. Det gjorde at Os mista ballen.
Rælingen 2 - Os 22-21 (13-11)
Os sin tropp, med skåringar: Tiril Grønvigh, Marlene Sund, Madeleine Hjertnes 2, Line Hjelle Berentsen 2, Emilie Halhjem 2, Mia Torp Nielsen 2, Elise Hjelle 2, Liv Pauline Lunde 2, Hilde Kristine Røttingen 1, Marie Henriksen Håland 1, Bente Mjanger 1, Thiet Dang, Nora Berge og Irmelin Catarina Munch Lund.
• Fleire kampfakta på handball.no
Etter ei god serieopning borte mot sterke Nit/Hak laurdag (27-25-tap) var Os i dag innstilte og førebudde på å ta poeng i dagens kamp mot Rælingen 2.
– Det var noko heilt anna som møtte oss enn det eg hadde sett spela mot Bjørnar. Rælingen 2 hadde med seg sju spelarar frå førstelaget og starta med ein annan formasjon enn då dei var i Bergen, fortel Os-trenar Trond Førde Eriksen.
Os hamna under 10-3, men då vertane la om til omtrent same mannskap og formasjon som dei spelte med mot Bjørnar, fekk gjestane det betre til. Også i 2. omgang, då førstelagsspelarane var på banen igjen, var Os i støtet.
– Det var som om dei hadde akklimatisert seg. Jentene fighta i forsvar og spelte i periodar svært godt også offensivt. Båd i går og i dag viser vi at vi har blitt eit betre lag enn førre sesong, seier Trond.
Han er nøgd med jentene, men mindre nøgd med seg sjølv.
– Eg burde spart meg
Førde Eriksen skildrar kampen, og spesielt andreomgangen, som eit tøft og intenst oppgjer, ein kamp som var vanskeleg for dei unge dommarane å dømma.
– Då Line blei takla i sluttminuttet, men ikkje fekk straffe, i ein situasjon som eg meiner likna veldig på noko det blei dømt straffe på i vår ende av banen, så blei eg sint og slengte med leppa til dommarane. Eg har litt temperament når det kjem til sport, men dette burde spart meg.
Trond fekk gult kort og Os, som hadde ballen, måtte gje denne frå seg. Det var 40 sekund igjen av kampen, og det blei brått vanskeleg å utlikna.
– Vi hadde andre sjansar til å ta poeng også i denne kampen, men dette var siste sjanse, og den øydela eg for jentene. Dei hadde fortent betre enn null poeng etter to strålande brotekampar, men vi kan gle oss over nivået dei viser.
– Det var gøy å sjå og det var kjekt med gjengen frå Os som sat og heia i sluttminutta. No gler vi oss til første heimekamp!
Os sin neste kamp går mot Stord i Oshallen onsdag 4. oktober.