Tett seriestart i Hakadalen
Damelaget til Os fekk ei spennande serieopning mot sterke Nit/Hak laurdag. I dag er det ny kamp.
Os fekk godkjent etter NM-tap for Fana i Oshallen i slutten av august.
Grunna sein ferie og forseinka oppkøyring for fleire av spelarane, hadde trenarteamet Trond Førde Eriksen og Gitte Torp fått utsett seriestart. I går fekk dei testa formen mot eit lag som hadde vunne 2 av 2 før dei tok imot Os.
– Vi starta litt dårleg og vi rota litt før pause, men midten av førsteomgang og det meste av andreomgang var veldig bra, synest Trond.
Os leia aldri, men følgde vertane tett. Etter pause gjekk Os frå 20-15 til 22-21. Kampen var nær på å enda uavgjort.
Nit/Hak - Os 27-25 (15-10)
Os sin tropp, med skåringar: Tiril Grønvigh, Marlene Sund, Madeleine Hjertnes 5, Line Hjelle Berentsen 5, Hilde Kristine Røttingen 3, Emilie Halhjem 2, Mia Torp Nielsen 2, Marie Henriksen Håland 2, Elise Hjelle 1, Thiet Dang 1, Nora Berge 1, Liv Pauline Lunde, Bente Mjanger og Irmelin Catarina Munch Lund.
Madeleine Hjertnes skåra fem mål i comebacket etter svangerskap og blei toppskårar saman med Line Hjelle Berentsen.
– Tiril hadde nokre veldig gode periodar i mål og Marlene hadde ei strafferedning 30-40 sekund før slutt. Hadde vi snappa den opp kunne vi fått ei kontring og tatt det eine poenget eg synest vi fortente i denne kampen.
I staden sette Nit/Hak returen og vann med to mål.
– Men vi kunne ha sikra oss poeng før den tid. Kort tid før slutt kasta vi vekk tre ballar, fortel Førde Eriksen.
– Gøy kamp mot god motstandar
Etter kva osingane fekk høyra i Hakadalenhallen har Nit/Hak fem spelarar som er på aldersbestemt landslag.
– Det var god motstand og totalt sett ein bra kamp av oss og ein gøy kamp å sjå på, med mykje fin handball og god stemning i begge laga.
Osdamene får to kampar på Austlandet denne helga.
Søndag speler Os mot Rælingen 2. Rælingen 2 har frå før spelt to kampar, der dei har slått Fana 2 og tapt for Bjørnar.