Krim | 12. jan. 2025

Småbarnspappa frå Latvia utvist etter 15 år i Norge

Vladislavs «Vadim» Jevtuhovs reiser frå Os til Riga i morgon. Igjen på Lekven sit den gravide kona Linn Beate og paret sin son, Matteo (8 månadar).

Småbarnspappa frå Latvia utvist etter 15 år i Norge
LEKVEN SØNDAG KVELD: Vadim og kona Linn Beate saman med sonen Matteo. Måndag blir familien splitta. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. jan. 2025 21:49

Kortutgåve:

  • Vadim Jevtuhovs, ein latvisk mann busett i Noreg i 15 år, har blitt utvist trass i å ha jobba og betalt skatt heile perioden.
  • Årsaka til at opphaldsløyve er tema, når Latvia er medlem av blant anna EU, EØS og Schengen, er at Vadmin har russiske foreldre og sjølv er russisktalande. Han er dermed ikkje fullverdig statsborgar i Latvia, og har for eksempel ikkje stemmerett i heimlandet.
  • I Norge blir han sett på som statslaus.
  • Vadim er gift med Linn Beate Riley frå Os, og dei har ein son saman, med eit anna barn på veg.
  • UDI har vedtatt utvising og innreiseforbod i to år, måndag reiser han frå Flesland til Riga. Familien står no overfor ei usikker framtid.

Kortutgåva er laga med kunstig intelligens og kvalitetssikra av Midtsiden-redaksjonen.

Linn Beate Riley frå Os fann kjærleiken på jobb. Eller rettare sagt, i nabolokalet i same bygg. Ho leigde ut bilar for Hertz, Vadim jobba for Dekkmann.

Paret gifta seg i 2022, og Linn Beate fekk ektemannen med seg til Os. I mai 2024 fekk dei sonen Matteo, i august i år ventar dei sitt barn nummer to.

Vadim og Linn Beate gifta seg i 2022. Foto: privat
Vadim og Linn Beate gifta seg i 2022. Foto: privat

Samtidig har Vadim vore i ein lang kamp om å få permanent opphald – eit slag han tapte rett før jul.

I oktober fekk dei håp i form av nytt svar frå UDI, som sendte førehandsvarsel på tilleggstid for permanent opphaldsløyve i staden for utvising. Men då politiet i desember ville ha Vadim innom med nokre dokument, ante dei uglar i mosen.

Ganske riktig.

I november var det nemleg fatta utvisingsvedtak, eit brev som ikkje hadde nådd fram, men blei liggande i Oslo. Paret fekk feira jul saman, men no må han ut. Og halda seg vekke i to år.

– Det er heilt uverkeleg! Han er frå Latvia, har jobba og betalt skatt til Norge samanhengande i 15 år, er gift og fekk ein son med meg i fjor. Men verken reglar eller UDI sitt forsøk på å visa skjønn gir han rett til å vera her, fortviler Linn Beate Jevtuhova Riley.

I staden for å gi grønt lys skriv UDI at Linn Beate heller kan flytta til Latvia.

– Kvar skal vi bu? Kva skal vi leva av? spør ho.

Blir sett på som statslaus

Du skulle kanskje tru at ein mann frå Latvia enkelt skulle få permanent opphald i Norge.

Ifølgje UDI har du, som borgar i EU/EØS, fleire rettar.

Her er noko av det som gjeld for innbyggarar frå Latvia:

  • Du kan flytte til Norge og begynne å arbeide med en gang, men må registrere deg senest tre måneder etter at du kom til Norge.
  • Du kan fritt bytte jobb og du kan ha en eller flere arbeidsgivere.
  • Du kan ta med deg familien din til Norge. De må også registrere seg.
  • Etter fem år i Norge kan du få varig oppholdsrett.

Vadim flytta til Norge i 2010, fekk raskt jobb, har halde seg i arbeid og seier han aldri har hatt behov for ei einaste krone frå Nav. Han har òg norsk personnummer. Han har jobba for Dekkmann og Vianor.

Problemet er at Vadim, som over ein halv million andre innbyggarar i Latvia, har ein annan etnisitet.

Foreldra hans er opprinneleg russiske. Vadim er fødd i Latvia og har latvisk statsborgarskap, men eit ufullstendig eit. Han har for eksempel ikkje stemmerett i Latvia.

Temaet er blant anna omtalt i ei avhandling av Kristian Rose Tronstad ved Universitetet i Oslo:

«Da Latvia i 1991 gjenvant sin uavhengighet fra mellomkrigstiden, var landets etniske sammensetning radikalt forandret. I 1939 utgjorde etniske latviere ca 75% av landets befolkning, og i løpet av 60 års sovjetokkupasjon sank andelen til 52%. I samme periode økte andelen russere fra 10,6% i 1939 til 34% i 1991. Per 30.4.2000 er det fremdeles 588.225 av en total befolkning på 2,4 millioner i Latvia som ikke har fått latvisk statsborgerskap gjennom naturalisering. Av disse utgjør den russiske minoriteten en stor majoritet» skriv Tronstad.

– Det blei ei endring på dette i 1991, men Vadim er fødd i 1986, og blir i Norge sett på som statslaus.

– Hadde han vore fem år yngre ville han altså vore fullt ut latvisk, med EØS-rettar og utan utfordring med å bu eller jobba i Norge.

I mai 2023 skreiv NRK at latviske innbyggarar som ikkje besto latvisk språktest sto i fare for å bli utvist, og at rundt ein fjerdedel av innbyggarane i Latvia har russisk etnisitet.

Fleire år med venting

Dei første åra Vadim budde i Norge var han gift med ei kvinne frå Latvia. Han fekk løyve til opphald og arbeid som sesongarbeider.

Dei fekk ein son saman i 2014, fødd på Kvinneklinikken i Bergen, men kona flytta tilbake til Latvia i 2015 – og då mista Vadim også opphaldsløyvet i Norge. Dei skilte seg seinare.

– Han tok då kontakt med politiet for å spørra kva som skulle til for å bli verande, og fekk beskjed om å søkja om opphald, og at han kunne jobba her mens han venta på svar.

«Om du har opplevd å få feil veiledning fra førstelinjen er dette beklagelig. Samtidig vil UDI påpeke at når man søker på ny tillatelse og ønsker å oppholde seg i riket og arbeide på samme vilkår som tillatelsen man hadde tidligere, så er det et krav at man har søkt senest en måned før utløpet av forrige tillatelse ...» skriv UDI.

Vadim søkte. Då svaret kom, var det eit avslag, eit avslag han klagde på. Endeleg avslag frå UNE kom i september 2021.

– Han reiste fram og tilbake til Latvia fleire gongar, blant anna for å møta sonen. Då vi etter bryllaupet i 2022 spurde politiet i Fyllingsdalen, der dei handterer utlendingssaker, fekk vi som svar at han kunne vera her, og arbeida, mens vi søkte om familieinnvandring.

Vadim med nyfødde Matteo på armen på forsommaren i fjor. Foto: privat
Vadim med nyfødde Matteo på armen på forsommaren i fjor. Foto: privat

Også her tok det tid å få svar, det kom heller ikkje svar innan fristen, som var i mars 2023. Men i januar 2024, då Linn Beate var halvvegs i svangerskapet, kom førehandsvarsel om utvising.

UDI ramsar opp at Vadim har hatt løyve til å jobba i Norge i til saman berre 3 år og 2 månadar – og ser på brotsverket som grovt.

Dei baklager at han «i førstelinje», altså av politiet, har fått beskjed om at han kan halda fram med å bu og jobba i Norge mens han søker, men har likevel tatt med desse åra i samla tid han har hatt ulovleg opphald.

– Det var svarfrist på to veker, og vi svarte innan frist. Vidare høyrde vi ingenting på ti månadar, men vi prøvde å ringa dei fleire gongar.

I slutten av oktober 2024 hadde dei likevel håp. Då kom førehandsvarsel om mogleg tilleggstid i staden på utvising.

– Vi levde framleis i uvisse, og eg ringte UDI både 2. 10. og 11. desember.

Men så, 13. desember, tok politiet kontakt. Dei ville at Vadim skulle koma innom kontoret for å få noko dokumentasjon.

– Då ante vi uglar i mosen. Ganske rett, dei viste til eit vedtak om utvising fatta i november, eit vedtak som hadde blitt liggande i Oslo frå november. Sidan det aldri blei sendt til oss, fekk vi lov å feira jul saman.

I staden for innvilga familieinnvandring hadde UDI altså fatta vedtak om utvising. Søknad om familieinnvandring blei avslått på bakgrunn av at han er utvist frå Norge.

Fristen for å forlata Norge er i morgon, måndag 13. januar. Billett er kjøpt med avreise frå Flesland via Oslo til Riga.

Ein splitta familie

I sitt svar på utvisingsvedtaket har paret argumentert med at dei no er gift og har ein son saman. I år ventar dei sitt barn nummer to.

– Det dei skriv i utvisingsvedtaket er nesten ikkje til å tru! seier Linn Beate.

I vedtaket, der dei har sjanse å visa skjønn, skriv dei blant anna at kontakten mellom far og son ikkje er så viktig, at familien har rett på å vera saman, men at dei fint kan vera saman i eit anna land.

«Enhver har rett til respekt for privatliv og familieliv» skriv UDI, og viser til menneskerettane (EMK artikkel 8). «... bestemmelsene gir ikke nødvendigvis rett til å utøve familieliv i det landet man ønsker» legg dei til.

Som EØS-borgarar kan Linn Beate og Matteo få opphald i Latvia. Dei meiner Matteo er så ung at han er sterkare knytt til omsorgspersonane sine enn til samfunnet og kulturen i Norge.

– Dei har òg valt å sjå vekk frå Justis- og beredskapsdepartementet sitt forslag frå mai i fjor, som blant anna seier at «det som hovedregel benyttes krav om inntil tre års tilleggstid for permanent oppholdstillatelse, i stedet for utvisning».

Video: Vadim i leik med sonen Matteo. Det kan bli ei stund til neste gong.

Vadim reiser åleine til Latvia i morgon.

– Han har verken jobb eller ein stad å bu. Mora er død, faren har flytta tilbake til Russland. Broren bur i ein annan landsdel enn der dei vaks opp. Vadim kan ikkje forsørga ein familie på tre eller fire frå dag éin.

«Vi mener at det er en rimelig mulighet for at familielivet kan fortsette i Latvia i den perioden innreiseforbudet varer», skriv UDI.

Å møtast på ferie i for eksempel Spania, kan familien òg gløyma. UDI har varsla EU og Schengen, sånn at Vadim òg har innreiseforbod der i desse to åra.

– Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta før Vadim får jobb i Latvia. For min del ville det tatt tid å læra latvisk, og det skal vera få i Latvia som snakkar godt engelsk, seier Linn Beate om vanskane med å sjå for seg ei framtid for heile familien i Latvia.

– Vi ønskjer helst at eg skal få oppfølging av norsk helsevesen, og at eg ikkje skal vera åleine med ein son på 15 månadar når eg føder i august.

– Kva håp har de no?

– Vi har fått hjelp av advokat til å skriva klage på vedtak om avslag på familieinnvandring. Vadim innrømmer å ha jobba i Norge heile perioden, men har gjort dette i god tru, blant anna grunna noko som seinare viser seg å vera feil rettleiing.

– UDI kunne tatt omsyn til klagen, men då dei ikkje gjorde det går den vidare til behandling i UNE. Der kan det ta ni månadar å få svar.

KOFFERTEN ER KLAR: I morgon tidleg må Vadim køyrast til Flesland. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
KOFFERTEN ER KLAR: I morgon tidleg må Vadim køyrast til Flesland. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– Nett no er vi berre veldig triste og fortvila, overraska og skuffa. UDI kunne tatt omsyn til at det er ein teknisk finesse i Latvia som gjer at Vadim ikkje tel som latvisk, dei kunne tatt omsyn til at han har skatta til Norge i nesten 15 år, at han heile tida har spurd politiet til råds for å gjera alt rett, at han er gift i Norge, er far i Norge og at han snart har to norske barn.

Linn Beate meiner dessutan at det, reint samfunnsøkonomisk, berre talar for å lata Vadim bli verande i Norge.

– Vi er i utgangspunktet to vaksne i full jobb. Ved å utvisa Vadim mister Norge stabil arbeidskraft med tilhøyrande skatteinntekter, i tillegg må dei betala eineforsørgarstøtte til meg.

– I staden seier dei han ikkje har noko her å gjera. Kor er omsynet til sitt oss som sit igjen, til oss norske innbyggarar, til to ungar som må ha sine første år utan å ha ein far i heimen?

Midtsiden har fått sjå dokumentasjon frå UDI og politiet dei siste åra. Vi blei gjort merkame på saka først i helga, og har foreløpig ikkje fått stilt spørsmål til UDI om saksbehandlinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.