Vann forside på FHM
I konkurranse med rundt 300 deltakarar vann modellen Linn Beate Sejrup Riley (22) frå Os 10.000 kroner, forside og 8 sider fotoreportasje i FHM.
Frå før har ho pryda magasinet Gatebil, både forside og som januar-jente i kalender, no har Linn Beate stukke av med sigeren i den store, årlege konkurransen til mannfolkbladet FHM.
Les òg: Januar-jente frå Os
– Vi plukka ut 50 av rundt 300 tilsendte bidrag. Lesarane våre stemte fram 10 finalistar som blei fotografert av oss i januar og presentert i eige booklet i mars, fortel FHM-redaktør Martin Thronsen til Midtsiden.
Så var det opp til lesarane igjen, å stemma fram finalevinnaren.
– Her var Linn Beate suveren og vann med fleire hundre stemmer, fortel Thornsen.
Trudde det var aprilspøk
Linn Beate, som fyller 23 år i sommar, vann 10.000 kroner i tillegg til coveret på FHM-utgåva som kom i hyllene i dag.
Magasinet inneheld også 8 sider med bilde av modellen frå Os.
– Eg trudde det var ein spøk då dei ringte 1. april. Sjølv hadde eg lagt ut ein spøk om at eg var gravid, og hadde problem med å tru på han frå FHM som sa eg hadde vunne.
– Det var deilig at magasinet kom ut no, så eg slapp å halda det hemmeleg lenger. Eg vil seia tusen takk til alle som har brukt tid og energi på å stemma på meg. Eg er veldig stolt av å ha så tolmodige og fine menneske rundt meg.
Vurderer å starta eige byrå
FHM er det første magasinet etter Gatebil som Linn Beate poserer i.
– Det har også vore nokre kalenderar og nokre event, men ikkje så mange oppdrag.
– Byrået i Bergen som eg var ein del av blei lagt ned då ho som styrte byrået blei gravid. No vurderer eg å starta mitt eige modellbyrå, seier Linn Beate, som ved sidan av modellhobbyen jobbar på ein Statoil-stasjon på Sandsli.