Kultur | 14. mars 2013

Sluttar med videoutleige

Slutt etter 30 år med utleige i Os: MIX-kiosken ved Bowling1 i Irisgården gjev opp konkurransen mot nettutleige av filmar og legg i slutten av mars alle leigefimane ut for sal.

Sluttar med videoutleige
Robin Bahus har jobba i MIX-kiosken sidan 2007, og sett ein kraftig nedgang i videoutleige i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mars 2013 11:33

Selskapet Os Filmsenter, etablert i 1984, var starten på etableringa av bowlinghall og storkiosk i Irisgården i 2001.

På seinsommaren 2011 la nye eigarar ned drifta, men bowlingen og seinare videokiosken fekk nye eigarar same haust.

Videoutleigen og bowlingen har blitt drive vidare og supplert med sportsbar og restauranten Solsiden, med pianobar og pub.

Men utleige av film blir det no slutt med.

– Eg byrja å jobba her i 2007. Då eg kom tilbake etter å ha vore vekke i to år merka eg at det hadde vore veldig nedgang, seier Robin Bahus.

– Og det er kanskje ikkje så rart, når du via internett kan betala under 100 kroner for ei valfri mengde leigefilmar.

Rask nedgang

MIX-kiosken i Irisgården har kjørt pakketilbod med leige av tre filmar ei heil veke for 140 kroner, likevel har det gått bratt nedover.

– Det var faktisk ikkje så verst då vi overtok og opna rett før starten på 2012. Men i slutten av året og starten på 2013, då nett-tenestene trappa opp marknadsføringa av sine filmtilbod, blei det ein markert nedgang, seier innehavar Tore André Sagstad.

– Og det er ein del arbeid og kostnadar med å driva utleige, frå bestilling og registrering av nye filmar til utmelding og sending i retur av filmar som ikkje er nye lenger. Når vi no taper pengar på dette så vil vi bruka arealet til noko anna.

Held fram ut mars

Bowling, sportsbar og Solsiden driv vidare som før, men i slutten av mars bli leigefilmane lagt ut på billigsal.

– Vi har mellom 1500 og 2000 filmar og dei eldste er frå slutten av 2011, så vi får mykje bra for sal, seier Tore André.

Kva han vil bruka arealet til når filmane er selt kan han førebels ikkje seia noko om.

– Vi har nokre idear og har byrja å jobba med nokre alternativ, men har ikkje bestemt oss heilt for kva som kjem i kiosken etter at filmane er vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.