Ny leigetakar på plass
Bowling, video, kiosk og servering: Bowling1 kjem til Os og Irisgården.
Innanfor videohyllene har Os Bowlingklubb halde liv i Os Bowlinghall, på kveldstid og i helgene, men kiosk og videoutleige har vore sakna etter at Os Filmsenter 31. august la ned.
Men no er ny leigetakar på veg, fredag blei det teikna kontrakt mellom Irisgården AS og det som skal bli Bowling1 Mix Os.
– Med den fartstida Sagstad har kan eg ikkje sjå for meg at vi kunne fått nokon betre til å overta desse lokala, seier Jarl Berentsen hos Irisgården.
Tore André Sagstad har leia bowlinghallen i Vannkanten i 10 år. No har han sagt seg opp for å driva med eige selskap i Hamnevegen på Os.
Satsar på servering
– Vi kjem til å bygga om og satsa meir på servering og det å ta imot selskap, både bursdagsbesøk og bedrifter, seier Sagstad.
Den nye leigetakaren vil bygga cirka ein tredel av video/kiosk-lokalet inn i glasveg med sitjegrupper. Her skal golvet opp cirka 30 cm så gjestane får utsikt over hamna.
– Vi held naturlegvis fram med bowling, kiosk og videoutleige. Å legga hovudfokus på bowling var noko vi gjorde suksess med på Vannkanten, men det som er rundt er også viktig.
Med seg på eigarsida i det nye selskapet har han faren, Tore Sagstad. Tore jobbar for Hanevik og driv fleire restaurantar i Bergen, blant anna Scruffy Murphy's og Tonga Bar.
Bar, tapas og tipping
Bowling1 har samarbeidspartnarar innan catering og vil servera alt frå hotdog og burger til tapas og julemat.
– Vi vil også bygga bar og søkja om skjenkeløyve.
På rommet bak bowlingen skal deg byggast om for livesendingh av trav i tilknyting til tippekiosk.
Bowling open ut november
Os Bowlingklubb, som har drive bowlingen fram til no, held ope ut november, på kveldstid og i helgene. Så blir det stengt for oppussing.
– Ved siden av ombygging ute i kiosken kjem vi til å pussa opp bowlinghallen i Bowling1-profil. Også møteromma i bakkant skal pussast litt opp og gjerast klar til å ta imot bursdagsbesøk og bedrifter.
Sjølv om det no er Bowling1 som skal styra bowlingen vil dei nye drivarane samarbeida med både klubben, LHL og andre faste brukarar av hallen.
– To av bowling-eldsjelene, Tony Wold og Ole Carsten Søiland, har stilt til teneste og sagt at dei vil hjelpa til i bowlinghallen, både under oppussinga og med drifta. Det synes eg var kjekt, seier Tore André Sagstad.