Vêret i Os | 28. okt. 2023

Slutt på sommartid

Halloween og klokkejustering: Det går mot ei lang og skummel natt.

Slutt på sommartid
Fyret i Øyane sist vi stilte klokka, i mars i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 28. okt. 2023 17:21

Natt til siste søndag i oktober er det, som vanleg, slutt på sommartid.

Klokka 03 skal klokka stillast tilbake til 02.

Justeringa tilbake til normaltid påverkar ikkje skjenketidene på utestadane, slik det gjer om våren, for dei må stenga første gong klokka slår 03, og kan ikkje opna igjen sekundet etter.

Men det kan kanskje få nachspielet til å drøya litt ekstra, og med halloween førstkomande tysdag er det fleire som markerer med fest og kostyme i kveld.

Fleire solrike dagar

Sjølv om det er slutt på sommartid, får vi fleire dagar med blå himmel framover.

Det er meldt lettskya og sol til og med tysdag, og opphaldsvêr til onsdag kveld.

Temperaturane skal stå i stil med årstida, og ligga på 6-7 plussgradar.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Tidleg solnedgang

Solnedgang på Osøyro er klokka 17.52 i dag. I morgon går sola ned 16.50. Soloppgang er «framskynda» frå 08.49 i dag til 07.52 i morgon, ifølgje den digitale almanakken timeanddate.com sin solkalender for Osøyro.

På det mørkaste, i midten av desember, går sola ned klokka 15.29, mens det rundt sankthans er solnedgang klokka 23.08 i Os.

Kvart år sidan 1980

I Noreg har vi hatt sommartid-praksis fleire gongar på 1900-talet og kvart år sidan 1980.

Årsaka er ønskje om å utnytta lyset betre, med lyse kveldar heller enn lyse morgonar. Energisparing er i enkelte land òg eit argument.

USA, Canada og dei fleste land i Europa stiller klokka til sommartid på våren og tilbake til normaltid på hausten.

Fordel, ulempe og mogleg endring

Som ansvarleg for Justervesenet er det næringsministeren som bestemmer kva som er rett tid her i landet.

– Eg veit at det er delte meiningar om å stilla klokka, sa næringsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding på veg inn i sommartid i mars.

– Skiftarbeidarar, småbarnsfamiliar og bønder er kanskje blant dei som opplever klokkejusteringa som mest utfordrande.

Spørsmål om sommartid skal opp i Europarådet, men der er det framleis ikkje noko nytt. Regjeringa i Norge vil uansett venta til EU har bestemt seg før dei tar stilling til om vi skal slutta å stilla klokka.

– EU har enno ikkje konkludert i saka, og det er uklart kor tid det vil skje. Det er nok gode grunnar til at dette har drøya, Europarådet har hatt fleire tunge saker på bordet i det siste, som Brexit, korona og krig, seier Vestre til TV 2 i dag.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.