Brann og beredskap | 09. nov. 2021
Sløkte brann på kjøkken sjølv
Pusta inn noko røyk, blei kontrollert av helsepersonell.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. nov. 2021 08:33
I 00.20-tida natt til tysdag gjekk ein automatisk brannvarslar, ifølgje 110-sentralen, i 00.45-tida har politiet notert seg at det var branntillaup på ei privat adresse.
– Branntillaupet blei sløkt av dei som bur på adressa, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Brannen skal ha vore i eit kjøkkenapparat.
– Helsepersonell såg til bebuarane, då dei hadde fått i seg noko røyk mens dei sløkte brannen.