Slik kan bubilparkeringa bli
Aukar avstanden mellom bilane for branntryggleik og lager universelt utforma promenade på utsida.
Prosjektsjef Tor Inge Døsen fortalde tidlegare i vinter at bubilparkeringa på Haugsneset no låg hos byggesaksavdelinga for handsaming og at ein håpa på oppstart til våren.
Planarkitektane i ABO Plan & Arkitektur har no på vegne av prosjektavdelinga kome med revidert utkast til planane som følgje av innspel som har kome inn.
Den reviderte planen inneheld åtte parkeringsplassar for bubiler slik at ein oppnår tilfredsstillande avstand mellom kvar bubil av omsyn til branntryggleiken.
– I tidsrom med lite besøk av bubilar kan alle 15 plassane nyttast av vanlege personbilar, heiter det i omtalen av tiltaket.
Universelt utforma promenade
I den reviderte planen kjem det fram at ein ser for seg ein universelt utforma promenade på utsida av parkeringsplassane, adskilt frå parkeringa med ein murkant.
Arkitektane ser for seg ei overflate av sklisikker, kosta betong, kanta med gatestein. Fronten mot sjøen blir bygd opp av store steinblokker med visside fallande 10:1.
Utemøbler, planter og lys
Ein ser for seg å møblera området med sittemøbler utført i robust treverk, med og utan rygg og armlener. Både på promenaden ved bubilparkeringa og på moloen ser ein for seg belysning, anten ved innfelte punkt for belysning eller ved master (på moloen).
Grøntstrukturen i området vil bli behalden og forsterka med ny beplantning på kaia, samt i bakken bak.
– Det blir opparbeidd to bed med busker og lave trær, vegetasjon som er heimehøyrande i strandkanten, til dømes or, selje og rose.
– Tiltaket auker publikumsvennlegheiten og tilgjenge til eit fint område ved sjøen, og oppfordrar turister til å vitja Os sentrum. Dette vil kunna bidra til meir liv på Øyro, særleg sommarstid, men også på vinteren vil det vera meir triveleg å ta ein tur ned her for å nyte den spektakulære utsikten over fjorden, heiter det i omtala.
I planen er det òg skissert plassering for eit eventuelt framtidig publikumstoalett ved adkomsten til Haugsnesfjero.