Lokal | 19. jan. 2016

Oppstart til våren

Arbeidet med bubilparkering på Haugsneset startar truleg opp til våren.

Oppstart til våren
Slik var skissene då saka var til høyring i fjor haust (ill: Os kommune)
Cathrin Valestrandtysdag 19. jan. 2016 12:18

På den ytterste delen av Hamnevegen er det sett av eit område til parkering. Dette er planlagt nytta til bubilparkering, med tilhøyrande fasilitetar.

Prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen, opplyser at saka no er sendt til byggesaksavdelinga i kommunen.

– Vi tenkjer at det gjerne hadde vore kjekt å stella til området litt med belysning på moloen, beplanting og gjera det litt triveleg. Dette er noko som vil ha ringverknader også til dei som brukar Haugsnesfjøra til badeplass om sommaren.

Klar til sommaren?

– Vi må sjå litt kor mykje vi skal leggja tilrette, men det kan bli både tømmestasjon for septik, landstraum og kanskje toalettfasilitetar, seier Døsen.

Dersom alt går etter planen, vert arbeidet starta opp i vår, slik at dei første bubilturistane kan nytta seg av tilbodet allereie i sommar.

Det blei løyvd ein million kroner i budsjettet for 2015 for å finansiera bubilparkeringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.