Sleppte vårmoten laus
Sjå bildeserie frå Vårsleppet i Os sentrum.
Laurdag var det Vårslepp i Os sentrum, med gode meldingar, men ein noko grå start på dagen.
– Heldigvis letta det før opning, og det kom meir og meir folk utover dagen, seier leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg.
To nyopna serveringsstadar, Hanne's Konditori & Musikkbar fredag og Havnechefen laurdag morgon, såg ut til å vera trekkplaster til arrangementet.
Begge plassane hadde godt besøk i eit livleg sentrum i solskinet.
Vandrande moteshow
Det var under ballongsleppet klokka 11 at det verkeleg stima til med folk på Øyro.
– Etter dette har det berre auka på, fortel William.
Ved sidan av torghandel hadde Vårsleppet ulike moteshow å by på.
Borg Vêr køyrde modellar på fri vandring på gateplan, med musikk i handa, Madam Ane med fleire hadde catwalk.