Lokal | 29. apr. 2013

Slåsting, trugslar med kniv og tjuveri av bil

Rus, russ, snoking og tjuveri: Det har vore ei travel helg for politiet i Os.

Slåsting, trugslar med kniv og tjuveri av bil
Urinering og bråk i sentrum har vore blant det politiet har hatt å henga fingrane i denne helga. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. apr. 2013 09:57

Politioverbetjent Terje Sperrevik har ei lang liste å lesa frå når han oppsummerer oppdraga politiet i Os har vore ute på i helga.

– Generelt har det kome mange meldingar om høg musikk frå samling med russ, også russ frå Bergen har samla seg i Os i mangel på ein stad å vera, seier Sperrevik.

– Særleg på Ulven, men også på Skeie og i Industrivegen har det kome melding om støy. På Ulven fekk vi melding om at det var 7-8 bussar og 25-30 bilar som hadde samla seg.

– Vi fekk også melding om slåstkamp på ein buss, men det hadde roa seg då vi kom fram og ingen var skadd.

– Flink å rydda

Laurdag formiddag såg det ut som ei slagmark i Sigurdsvika, men russen kom og rydda etter seg. Etter det Midtsiden kjenner til ha dei laga ei vaktordning med rullering av ryddetenester.

– Vi forstår at det kan vera vanskeleg å finna seg ein plass å samla seg utan at nokon blir uroa og russen skal ha ros for ryddearbeidet sitt. Det såg fint ut i Sigurdsvika laurdag ettermiddag.

Snoking i nabolag

Fredag i 23.30-tida fekk politiet melding frå nokon som hadde hatt folk rundt huset sitt.

– Nokon hadde opna ytterdøra deira, lukka den og gått igjen. Dei trudde først det var sonen som kom heim, men ingen kom inn.

– For ei veke sidan hadde dei hatt framande folk utanfor huset sitt, så no var dei litt urolege.

Patruljen var på staden, men fann ingen i nabolaget å undersøkja etter forholdet.

– Det er viktig å låsa dørene sine og vera vaken på kva som rører seg i nabolaget.

Det har vore ein del innbrot i Os den siste tida, med teikn på at det har vore rekognisert bra på førehand.

Truga med kniv

Natt til laurdag fekk politiet melding om vanskeleg gjest på Bar2Be. Vedkomande blei meldt for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet.

Natt til søndag kom tilsvarande melding frå Solsiden, men vedkomande klarte i siste liten å gjera som han fekk beskjed om, elles ville han også blitt meldt.

Laurdag kveld blei ein person tatt for urinering oppetter ein butikk i Os sentrum. Vedkomande får ei bot som svir.

– På laurdag kom det også melding om ein som truga med ein kniv på ein institusjon i Os. Han hadde lagt frå seg kniven då vi kom fram, men blir meldt for episoden.

Bil- og dekktjuveri

Natt til laurdag kom politiet over to menn som prøvde å stela nokre dekk som låg utanfor ein verkstad i Industrivegen.

– Vi har notert namn på dei to om eigar av verkstaden vil melda dei.

Søndag på dagtid fekk politiet melding om tjuveri av bil på Søfteland.

Bilen hadde stått med nøklar i over natta. Den blei funnen igjen på Midttun.

Politibåten i Os

I tillegg har politiet hatt trafikkontroll på Søfteland, med 74 kontrollerte og ingen reaksjonar.

Politibåten har vore i Os i helga, heller ikkje dei fann noko kritikkverdig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.