Samferdsle | 11. nov. 2024

Skulle dela kai. Så blei det svikt hos «Kommandøren»

Ferja som går mellom Halhjem og Våge fekk «black out» same dag som den skulle dela kai med Halhjem-Sandvikvåg.

Skulle dela kai. Så blei det svikt hos «Kommandøren»
MF «Kommandøren», som går mellom Halhjem og Våge, her på veg til sin eigen kai i sommar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 11. nov. 2024 09:52

Ferja MF «Kommandøren», som går for Fjord1 på Halhjem-Våge, fekk i 06.30-tida teknisk problem rett etter at den hadde lagt frå land.

– Dei fekk ein «black out», altså eit straumbrot som påverka framdrifta, på veg ut frå kai, sa regionleder Tor Kristoffersen i Fjord1 til BT tidlegare i dag.

Sambandet er framleis innstilt, og parallelt med feilsøk jobbar Fjord1 med å få tak i reserveferje.

Påverka Halhjem - Sandvikvåg

Fredag fortalte Fjord1 at det kunne oppstå forseinkingar i sambandet frå måndag i samband med arbeid på ferjeleiet på Halhjem.

«MF Kommandøren må dela ferjeleie med Torghatten sine ferjer i følgande periode.Veke 46 - måndag 11.11 til og med torsdag 14. november og veke 47 - måndag 18.11 (kveld) til tysdag 19.11 (morgon).

Det var før ferja klokka 06.26 i dag havarerte.

– Vi har akkurat kome i land etter å ha lagt ein time utanfor Halhjem, sa ein passasjer på Torghatten-ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg til BT klokka 07.14.

Fjord1 fortel klokka 09.01 at sambandet Halhjem-Våge framleis er innstilt, og at det blir jobba med å få tak i ei reserveferje.

Torghatten har i skrivande stund ingen trafikkmeldingar og Halhjem-Sandvikvåg på si heimeside, og skal dermed gå som normalt.

OPPDATERT kl 10.47: Reservefartøy MF «Lifjord» er på plass. Første tur frå Halhjem blir klokka 12.15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.