Lokal | 13. jan. 2016

«Skulkar» skulen for å nå bussen

Då Skyss la om rutene 4. januar fekk elevar ved Lunde barneskule ei ny utfordring (oppdatert).

«Skulkar» skulen for å nå bussen
Elevane må gå frå skulen før den er slutt, kvar dag, for å nå denne bussen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. jan. 2016 09:59

Bildeserie:

Over brua i full fart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Over brua i full fart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det er heilt greit å gå tidlegare frå skulen, synest denne gjengen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det er heilt greit å gå tidlegare frå skulen, synest denne gjengen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Viss ikkje vi rekk denne bussen er det ein time til neste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Viss ikkje vi rekk denne bussen er det ein time til neste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Halhjem next! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Halhjem next! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

Tysdag sto 18 elevar frå 4. og 5. trinn ved Lunde barneskule på busshaldeplassen ved Lunde-Lekven-krysset FØR det hadde ringt ut frå siste time.

På nabohaldeplassen sto tilsvarande mengde elevar frå 6. og 7. trinn.

– Viss ikkje vi når denne bussen så må vi venta ein time på neste, fortel elevane.

Elin Skaatun er ny rektor ved Lunde barneskule. Ho fortel at ein del elevar tar rutebuss heim til Halhjemsmarka, spesielt om vinteren, når det er for kaldt eller glatt til å sykla.

I 8-10 minusgradar, slik det var i førre veke, er det òg kaldt å venta ein time på bussen.

10 minutt avspasering per dag

Tidlegare kom bussen i 14-tida, det passa perfekt, då skuledagen er ferdig klokka 13.45. No går bussen frå Os klokka 13.38, den neste går 14.38 frå Os.

– Vi slepp elevane tidlegare så dei når bussen, men vi ser ikkje på dette som ei permanent løysing.

– Det er ei ordinær rute elevane tar, ikkje ei skulerute, men vi vil i dialog med Skyss for å sjå om vi finn ei løysing.

Stive rutetider

– Frå 4. januar 2016 blei produksjon på busslinje 600 auka i samband med førebuing til tidsdifferensierte bompengar, fortel kommunikasjonsrådgjevar Camilla Lundberg Berntzen frå Skyss.

– Avgang blei justert med mål om å ha stive rutetider, altså faste minuttal, noko som gjer det enklare for passasjerar å hugsa rutetidene (som 13.38 og 14.38).

Vil finna ei løysing

Berntzen seier vidare at dei vil i dialog med skulen.

– Viss det viser seg at elevane, etter rutejustering, ikkje er dekka med eit rimeleg godt busstilbod etter skuletid, må vi sjølvsagt sjå på moglege løysingar.

– Det beste er om skulen tar kontakt og gjev oss ei god oversikt over skulesluttid og kor mange elevar dette gjeld, seier Camilla Lundberg Berntzen.

Les òg: Rask bussløysing for elevar på Lunde

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.