Rask bussløysing for elevar på Lunde
Onsdag fekk Skyss høyra om utfordringa, torsdag var dei klare med ei løysing.
Etter omlegging av bussrutene frå 4. januar fekk fleire av elevane ved Lunde barnskule val mellom å venta ein time på bussen eller gå tidleg frå siste time.
Lærarane let elevane gå tidleg, men rektor Elin Skaatun ser ikkje på dette som ei løysing som kan bli permanent.
Les òg: «Skulkar» skulen for å nå bussen
Skyss kjente ikkje til problemstillinga før Midtsiden tok kontakt i går, men har vore raske med å snu seg rundt.
Supplerande rute frå måndag
– Vi set opp ei supplerande rute som går frå Os klokka 13.45.
– Denne går frå måndag 18. januar, fortel kommunikasjonsrådgjevar Camilla Lundberg Berntzen frå Skyss.
Rektor Skaatun seier at ho er glad for løysinga, og at ho kom så raskt.
– Vi er også glade for at vi fekk ei rask løysing og for at operatøren kunne stilla med buss. No får vi elevane trygt heim til rett tid, seier Lundgren Berntzen.