Lokal | 17. aug. 2012

Skulestart etter stillstand

Enkelte foreldre reagerer på at Os kommune ikkje har brukt ferien på å koma vidare med vegarbeidet rundt Nore Neset skule.

Skulestart etter stillstand
Maskinene sto i ro ved Nore Neset skule i sommar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. aug. 2012 12:38

I går var det skulestart for grunnskuleelevane i Os, men ikkje alle plassar var det like klart som enkelte foreldre hadde håpa på.

Bak Nore Neset skule skal det byggast ny ungdomsskule, og i april starta arbeidet med ny veg forbi dagens skule og inn til tomta til den nye.

– Det ser ikkje ut som om det er gjort noko som helst i heile skuleferien. Men no når skulen startar byrjar dei vel for fullt igjen, fortviler ei mor i ei melding til Midtsiden.

Tok ferie

Tor Inge Døsen i Os kommune seier målet var å bli ferdig med vegen før ferien, men at dei, av ulike årsaker, ikkje klarte det.

Han seier han prøver å ikkje vera ufin, men i velkjent, uformell stil illustrerer han utfordringa når det kjem til å få folk til å jobba i ferien:

– Det er ikkje berre lærarane som vil i Dyreparken. Mange av dei som driv i anleggsbransjen har også krav på ferie, nokre av dei har også stifta familie.

I tillegg utdjuper han:

– Fleire i staben har vaktordningar som gjer at dei må på utrykking kveld, natt og helg, og dette blir kompensert med fridagar som blir tatt ut i samband med ferie.

– Blir snart betre

Om vegen ved skulen framleis ber preg av arbeidet blir det snart betre.

– Det ser ut som om vi klarer å få asfaltert vegen i neste veke.

– Ting fungerte bra i vår og om foreldre tar like mykje omsyn, og er litt tålmodige, så kjem det til å gå endå betre med trafikken til og frå skulen frå no av, trur Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.