Lokal | 19. apr. 2012

Gravinga i gang

Skulebruksplanen: Dei førebuande arbeida med ny ungdomsskule på Nore Neset har starta. I juni vedtek kommunen budsjettet.

Gravinga i gang
Anleggsvegen fram til den nye ungdomsskulen bak Nore Neset Aktivitetshus er i ferd med å ta form (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. apr. 2012 13:43

Tenesteutvalet har bedd kommunalsjefen om ei løpande oppdatering av framdriften i skulebruksplanen. Tysdag kunne Ingvar Torsvik melde at dei i det store og heile låg godt i rute og at arbeidet med å opparbeida vegen fram til tomta var starta.

- Anbodsdokumenta for skulen på Nore Neset ligg ute på TEDD-basen no.

- Det som gjenstår før de får det til politisk handsaming er å kvalitetssikra tilboda. Eg reknar med å koma tilbake med tala til dykk på møte 30. mai, fortalte Torsvik.

Viktig med synlege vaksne

I utarbeidinga av romløysingane for skulen har skuleleiinga vore oppteken av at dei vaksen skal vera synlege for elevane. Til dømes er pauserommet lagt vegg i vegg med elevkantina berre skilt av glass.

- Det har det vore noko diskusjon om og det har kome ei uttale frå hovudverneombodet og hovudtillitsvald der dei gjev uttrykk for ei uro over dette.

- Vi har likevel vald denne løysinga nettopp for at dei vaksne skal vera synlege for ungdommane i skulekvardagen, forklarte Torsvik.

Rom utan dagslys

Planane for både Nore Neset Ungdomsskule og ombyggjinga av Os ungdomsskule har vore drøfta med dei tilsette og i Arbeidsmiljøutvalet (AMU).

- Vi har hatt ein god og open prosess der alle har fått sagt sitt.

- På Os gav AMU si tilslutning til planane og ba om at det blei sendt ein søknad til arbeidstilsynet om å få lov til å nytta tre av romma som grupperom sjølv om dei manglar dagslys.

Dei tre romma det gjeld ligg i 1. etasje opp mot Os barneskule der det i dag er bomberom.

- Om arbeidstilsynet ikkje gjev løyve til dette har vi reserveløysingar allereie, men helst ønskjer vi denne løysinga, forklarte Torsvik.

Planane frå Os ungdomsskule har litt forseinka og vil truleg ikkje kome til tenesteutvalet i mai.

A- og B-skule er lagt død

I valkampen i fjor haust blei det gjeve uttrykk for at ein kunne risikere å få ei A og B-skule om ein ikkje rusta Os ungdomsskule skikkeleg opp.

- Oppnår ein det ein ønskjer i høve til denne problemstillinga med dei planene du no presenterar, undra Eirik André Hesthamar.

- Den er lagt død med dette forslaget. Det blei jo lagt eindel føringar gjennom debattane i valkampen.

- Vi får to likeverdige ungdomsskular når dei begge står ferdige, lova Torsvik som tykkjer planane for Os ungdomsskule er utruleg tøffe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.