Skreiv ut ni forelegg i går
Først blei to tatt for bruk av mobil, så sto sju fartssyndarar for tur.
Torsdag i 08.20-tida hadde utrykningspolitiet trafikkontroll på E39 Byvegen i Hjellemarka med fokus på promille.
– Alle 70 kontrollerte var edru, men to av dei fekk forelegg for handhalde bruk av mobiltelefon, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Ulovleg bruk av mobiltelefon gir forelegg på 7.450 kroner og to prikkar på førarkortet.
I 12.50-tida hadde UP saman med Bjørnafjorden politistasjon trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.
34 bilførarar blei kontrollert for promille, alle var edru.
Sju trafikantar fekk forelegg for høg fart. Høgaste fart i 70-sona blei målt til 88 km/t, noko som resulterer i forelegg på 5.150 kroner og to prikkar på førarkortet.