Politi | 26. mai 2022

Bilbrann og utforkøyring etter nestenkollisjon

Politiet oppretta sak på begge forholda.

Bilbrann og utforkøyring etter nestenkollisjon
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mai 2022 09:25

Etter utforkøyring på Ole Bulls veg onsdag ettermiddag, kom ei ny utforkøyring på Ulvenvegen.

Utforkøyringa skal ha skjedd i samband med ein nesten-kollisjon i 18.30-tida.

– To køyretøy var involvert, det eine hamna utfor vegen. Det var ingen personskade og mindre materielle skadar på bilen, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet mistenker at ein av bilførarane hadde promille. Det er tatt beslag i førarkortet til vedkomande, ein mann i 50-åra, og oppretta sak.

Uhellet skjedde i eller nær rundkøyringa nær Ulvenparken.

Sløkte bilbrann sjølv

I 23-tida onsdag fekk politiet melding om brann i ein bil aust for Os sentrum.

Meldar fortalde til brannvesenet at vedkomande hadde sløkt brannen sjølv. Politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.