Politi | 16. feb. 2024

Skreiv ut 18 forelegg

Mange fartssyndarar mellom Svegatjørn og Moberg.

Skreiv ut 18 forelegg
Målinga i 80-sona blir ofte tatt her, nær Ulvenvatnet retning Halhjem, og ved utgangen på Liafjellstunnelen på Moberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. feb. 2024 08:39

I 13-tida torsdag hadde politiet fartskontroll i 80-sona på E39 Halhjemsvegen.

Resultatet blei 18 forenkla forelegg.

– Høgaste målte fart var 99 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det resulterer i forelegg på 7050 kroner og to prikkar på førarkortet.

Klokka 14.46 kom det melding om to utanlandske semitrailerar som hadde stoppa i Endelausmarka, før avkøyring retning Drange.

– Ein patrulje rykte ut. Trailerane rykte ut utan at det blei noko politisak. Det står ikkje notert kva som var årsaka til at dei hadde stoppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.