Politi | 31. mars 2023
16 forelegg i 80-sona
Fartskontroll på E39 torsdag ettermiddag.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mars 2023 09:50
Torsdag ettermiddag, frå rundt 16.30 til 18.30, hadde utrykningspolitiet fartskontyroll på E39 Halhjemsvegen.
Dei siste vekene har dei hatt minst fire økter i 70-sona på vekta på Ytre Moberg, i går sto dei i 80-sona ved flettinga mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.
– Det blei skrive ut 16 forenkla forelegg i løpet av desse to timane, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.
Høgaste fart blei målt til 107 km/t, noko som resulterte i 12.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.