– Skal ikkje skje!
Mysteriet med merking av postkassar med TU, TUA, TUB er løyst. Ein overivrig distributør av Teknisk Ukeblad er syndaren. – Det skal ikkje skje, seier Jan Kristiansen i Mediapost.
Midtsiden skrev tidlegare i dag om ein Midtsiden-lesar som hadde fått merka postkassa si med eit klistremerke med påskrifta TUB.
– Eg opplevde akkurat det same. Etter noko etterforskning fann eg ut av det.
– Vi mottek Teknisk Ukeblad gjennom fagforeninga og det var budet som distribuerte dette som hadde tatt seg fridommen med å merka postkassa vår, fortel Marianne Djuvik.
– Skal ikkje skje!
Driftsleiar Jan Kristiansen i Mediapost som distribuerar Teknisk Ukeblad beklagar merkinga.
– Det skal ikkje skje!
– Vi bytta distribusjonspartner til Bergens Tidene sitt distribusjonsnett i Bergensområdet for eit par månader siden.
– Der har det vore enkelte bud som har teke seg friheit til å merka postkassene, sjølv om instruksen er klar på at det ikkje skal skje.
– Vi har tatt det opp med dei tidlegare, då vi fekk melding om at det skjedde og kjem til å gjera det igjen, forklarar Kristiansen.
– Heilt 70-tals
Kristiansen fortel at buda i dag har elektroniske budbøker på ein PDA, som fortel kva kunder som skal ha kva type tidsskrift.
– Merking av postkasser på denne måten var noko vi gjorde på 70- og 80-talet.
– Då kunne kassene vera merka i alle regnbogens farger, men i dag skal ikkje buda gjera det på denne måten, seier Kristiansen.