Skal drøfta sal av Kuventræ
Hovudstyret i Os Turnforening kallar inn til ekstraordinært årsmøte for å drøfta makeskifte og sal av delar av Kuventræ.
Leiar av prosjektavdelinga og adhocgruppa som har jobba med Os Idrettspark - Kuventræ, Tor Inge Døsen, presenterte resultata av arbeidet for kommunestyret i slutten av oktober.
Ei føresetnad for planane, og at kommunen skal finna midlar til desse, er at både kommunestyret og årsmøtet i Os Turn godkjenner den intensjonsavtalen som er inngått mellom partane.
Les òg: – Vi har forplikta oss
No inviterar hovudstyret i Os Turn medlemmane til ekstraordinært årsmøte onsdag 27. november klokka 18 for å drøfta avtalen og dei forutsetningane som ligg i denne.
– Alle som er medlemmar i Os Turn og som har betalt kontingenten er hjarteleg velkomen til å seia si meining, fortel dagleg leiar, Hans Parnefält.
Krev 2/3-dels fleirtal
På dagsorden står berre denne eine saka.
– Vi håper årsmøtet kan godkjenna rammene i intensjonsavtalen og gje hovudstyret fullmakt til å sluttføra forhandlingane med kommunen.
– I og med at det handlar om både makeskifte av eigdommar og ein pengesum, så krev ei slik avgjerd 2/3 fleirtal i årsmøtet, forklarer Parnefält.
Både opp- og nedsider
I avtalen ligg det at friidrettsanlegget skal oppgraderast. Det same skal grasbanen, som skal få kunstgras.
I tillegg skal Os Turn få eigedomsretten over den nedre kunstgrasbanen som ligg der i dag, medan kommunen overtek som eigar av grasbanen, løpebanen og det området som turnforeininga eig sør for dagens anlegg.
For denne eigedommen skal kommunen betala Os Turn 1,5 millionar kroner.
– Avtalen har både opp- og nedsider.
– Oppsida er jo blant anna at vi får eit oppgradert anlegg som kommunen får driftsansvaret for.
– Nedsida er at vi gjev frå oss eigedomsretten over desse områda. Som ein del av dette vil jo anlegget òg bli opna for andre idrettslag.
– Det blir litt uvant, men noko vi heilt sikkert skal klara å løysa på ein god måte, avsluttar Parnefält.
Om avtalen kjem i hamn vil idrettsrådet tildela treningstider på den kommunale fotballbanen og friidrettsanlegget på same måte som dei gjer i idrettshallane og gymsalane i dag.