Lokal | 29. okt. 2013

– Vi har forplikta oss

Ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaordførar Marie Bruarøy (H) kommenterer Os Idrettspark Kuventræ. – Vi har forplikta oss til å finna ei løysing i inneverande periode.

– Vi har forplikta oss
Posisjonen med Høgre og Frp forsikrar at dei har planar om å halda løftet om prosjekt "Os idrettspark Kuventræ" (foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Andris Hamretysdag 29. okt. 2013 18:48

Arbeidsgruppa for "Os Idrettspark - Kuventræ" la tysdag fram sin rapport for kommunestyret i samband med rådmannen sitt budsjettframlegg.

Rådmannen har ikkje funne rom til investeringane, som blir på om lag 60 millioner kroner.

– Vi skjønte at dette ville koma frå rådmannen og har difor diskutert det på førehand.

– Vi vil difor søka å finna ei løysing slik at prosjektet kan realiserast i inneverande periode, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Det forplikta vi oss til for 2 år sidan i samband med valet, supplerer varaordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H).

Har ideear

Dei to fortel at partia allereie har gjort seg tankar om korleis prosjektet kan finansierast.

– Det var vi som sette i gang prosjektet. Vi vil ikkje løpa frå ansvaret, forsikrar Søviknes.

– Vi har allereie nokre idear til korleis vi kan løysa dette, seier Bruarøy.

– Vi vil òg invitera til budsjettsamarbeid med dei andre partia i kommunestyret, då spesielt V/KrF.

Første sjanse til samarbeid blir når eit utvida formannskap møtast til budsjettkonferanse neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.