Båt og sjøliv | 30. juni 2024

Sjeldant på Vestlandet: I kveld kan det bli lysshow

Rustraudt sjøvatn fleire stadar i Os.

Sjeldant på Vestlandet: I kveld kan det bli lysshow
Tøkjesundet mellom Bruarøya og Sundøya er blant dei mange områda med oppblomstring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. juni 2024 17:01

Søndag har Midtsiden-redaksjonen fått fleire tips om rustraudt vatn ulike stadar i Os-skjergarden.

– Eg har sett oppblomstring av brunalger før, men ikkje noko som dette, seier ein av tipsarane.

Det er gjort nokre observasjonar i Vargavågen og tettare forekomst i Lekvenvågen. Kobbavågen, Tøkjesundet og Mørkevågen i Øyane er prega, det same er enkelte viker på Sørstrøno.

Havforskningsinstituttet fortel om same tema i ein av sine sist publiserte artiklar.

Dei siste to vekene har Havforskningsinstituttet fått tilsvarande meldingar frå Larvik i Vestfold til Øygarden i Vestland.

Kallenamnet er «sjoko-vatn».

– Det er kjenningen Noctiluca scintillans som er på ferde og misfargar vatnet. Dei fleste observasjonane er gjort i den ytre skjergarden, men vi har òg fått nokre få om funn inne i fjordar, seier havforskar Lars-Johan Naustvoll til hi.no.

Noctiluca scintillans har fått kallenamnet kallenavnet «morild-alga», for den er ei av fleire algetypar som lyser opp i mørket.

Det betyr at vi kan få eit lysshow i Os-skjergarden når kvelden kjem.

– Det ufarleg for menneske både å ta på alga og å svømma i den, den produserer ingen giftstoff, opplyser HI.

Men når den dør opptar den ein del oksygen, og kan derfor vera skadeleg for andre artar i området som er avhegige av oksygen, spesielt dei artane som ikkje flyttar seg så fort.

– Det kan òg lukta svakt av ammoniakk og råte når algene blir brotne ned.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.