Fann store mengder døde skaldyr
«Mystisk massedød» skriv NRK om to funn i Os.
Fredag fekk Midtsiden tips om funn av enorme mengder døde reker i Lekvenvågen. Dei døde skaldyr skal ha vist seg å vera krill.
– Eg las om noko liknande på Facebook tidlegare i veka, og har også fått ein telefon om dette tidlegare i dag, sa brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden fredag ettermiddag.
Han var då på veg til observasjonar både i Vargavågen og Lekvenvågen.
Vanskeleg å veta årsaka
NRK var på saken før helga, og har snakka med Guldborg Søvik, som forskar på reker og skalldyr ved Havforskningsinstituttet.
Ho er bekymra, men seier det er vanskeleg å slå fast kva som er årsaka til denne strandinga.
– Vi veit at kjemikalier som blir brukt til avlusing av oppdrettslaks er dødelege for skaldyr, men massedøden kan òg ha naturlege årsaker, seier ho til NRK.
Stein Gjøsund seier saka er meldt til politiet, og at han i dag vil kontakta miljøavdelinga hos Fylkesmannen for vidare undersøkingar i saka.