Sjekkar åstaden i dag
– Vi ser ikkje på episoden som mistenkeleg, seier politiet om garasjebrannen måndag morgon.
Klokka 08.14 måndag blei brannvesenet varsla, klokka 08.20 var dei første bilane på veg opp Hatvikvegen mot garasjebrannen på Lonen i Borgavegen.
Brannen blei oppdaga av naboar og huseigar visste ikkje om det før naboane banka på døra. Brannvesenet seier det ikkje var fare for spreiing, då avstanden til bustaden var stor nok i forhold til vindstyrken.
– Då meldinga blei ringt inn høyrde vi nokre smell i bakgrunnen, men dette var truleg nokre sprayflasker. Det sto ei dykkarflaske i garasjen, men desse utgjer stort sett ikkje noko fare med mindre dei står midt i flammane, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, men det tok tid å sløkka flammane på loftet på den 70 kvadratmeter store garasjen.
– Sjekkar åstaden
Politiet veit framleis ikkje årsaka til brannen.
– Vi venta til i dag med å undersøkja garasjen. Vi skal opp og ta nokre bilde, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Men vi har ikkje mistanke om at det er snakk om straffbare forhold.