Sjå kva Hanevik vil bygga ved gjestebrygga
– Pumptrack kan brukast av sykkel, sparkesykkel, skateboard og rollerblades - og den kan demonterast og brukast ein annan stad seinare.
I møte i arbeidsutvalet Liv på Øyro 2 måndag ettermiddag var prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik, på plass for å presentera idear som kan skapa aktivitet, særleg for ungdom, i Os sentrum.
Det aktuelle arealet er dei 20 parkeringsplassane nærmast Osbrua og gjestebrygga inst i hamna, kalla «trekant-tomta» av utvalet.
Popup-parken, som opna i juni i fjor, må fjernast mens Ohara-leidning blir lagt i pumpehuset, men kan koma på plass igjen. I tillegg er det politisk vilje til å ofra nokre parkeringsplassar, i alle fall sommarhalvåret, til aktivitetsskapande installasjon.
Populært andre stadar
– Mitt forslag er å kjøpa og montera opp ein pumptrack. Desse banane er fleksible i korleis vi ønskjer å utforma dei, og dei kan enkelt monterast ned og brukast ein annan stad seinare, for eksempel på Borgafjell barneskule, der det frå før er planlagt ein slik bane på uteområdet til skulen.
Banen kan brukast på sykkel, skateboard, sparkesykkel og rollerblades - og byggast med enkle og meir fartsfylte element. Hanevik trur pumptrack kan bli populært, både for dei som er på veg til eller frå annan aktivitet, og at den kan vera ein attraksjon.
– Vi har òg sjekka med andre skular og stadar som har bygd pumptrack, at dei faktisk blir brukt. Når det kjem til tryggleik, med tanke på at tomta ligg nær fylkesveg og nær sjøen, viser erfaring med bruk av slike banar, at det er nok av tryggleiksmargin rundt banen om den blir montert på denne plassen.
Høgt eller lågt tempo?
Hanevik sitt spørsmål til arbeidsutvalet var om dei er innstilte på å skapa aktivitet, eller om dei vil tilbake til det rolege som popup-praken representerer, ved for eksempel å bygga ein minigolfbane.
– Går alt arealet med til denne banen, spurde Harald Døsen (Ap).
– Dei som har lest sakspapira ser at denne banen kan byggast akkurat så stor som vi ønskjer. Vi kan fint få ledig plass til både å setja opp igjen benkane i popup-parken, eller til for eksempel boccia, svara Hanevik.
Ståle Skaatun (H) synest pumptrack er ein god idé, men sa at han var opptatt av rekkefølge med tanke på det å ofra parkeringsplassane.
– Eg synest at vi må få riva brannstasjonen først, og får klar parkeringsplassane på brannstasjonstomta og Circle K-tomta før vi tar 20 plassar til anna bruk.
Terje Søviknes (Frp) spurde om pris, og fekk «det går nokre hundre tusen» til svar, før Hanevik gjentok at banen kan flyttast til ny skule aust om elvo viss det i framtida ikkje blir bruk for den i sentrum.
– Eg synest vi skal gå for pumptrack, men at vi set av plass til popup-park, altså benkar og bord, saman med boccia, så vi får ei roleg avdeling av plassen og ei med meir aktiviet.
Marie Bruarøy (H) og Døsen lurde på om ungdomen hadde blitt spurd om dette er noko dei ønskjer, og Døsen lufta kort om det var verdt å spørja undomen, før han trekte dette tilbake med «det går vel for lang tid å gjennomføra».
Plansjef Tina Sinclair informerte om ei komande, større undersøking retta mot ungdom. Her blir arkitektane frå New York, som vann Europan-konkurransen i Os i 2015, involvert, blant anna i ein workshop over tre veker.