#popupos opna
Fredag ettermiddag opna den nye parken i hamna. – Det har blitt ein fargeklatt i sentrum. Ta godt vare på den, helsa Marie Bruarøy.
For ei veke sidan "okkuperte" planavdelinga i Os delar av plassen nede ved gjestebrygga i Os hamn.
– VI ønskjer å nå ungdommen. Difor tok vi utgangspunkt i hamneutvalet sitt innspel om å laga eit aktivitetsområde for unge i Os hamn, og er no i ferd med å skapa ein midlertidig popup-park, fortalte plansjef Tina Sinclair då.
Fantastisk fin møteplass
Fredag var det offisiell opning med ordførarane i både Os og Fusa tilstades.
– Vi har lenge jobba med liv på øyro, mellomanna ved å gjera noko med Os hamn. Adhoc-utvalet for hamna satte av dette arealet til aktivitet for ungdom og planavdelinga greip sjansen.
– Dette er eit ledd i planlegging av Os sentrum for framtida og då ønskjer vi å involvere flerire folk. Ei gruppe som er utruleg viktig å dra inn er ungdommen, poengterte ordførar i Os Marie Bruarøy (H) før ho takk prosjektleiinga, planavdelinga, teknisk eining, sentrumsforeninga, arbeidsgruppa frå Vartun og ikkje minst Annika Svendal Os, som har stått for den siste finishen.
– Eg er imponert over kor tøft det har blitt. Det er ein fargeklatt i Os sentrum. No håper eg at folk skal få eigerskap til plassen og ta vare på den, sa Bruarøy før ho sto for den offisielle opninga
– Treng slike plassar
Ordførarkollega Atle Kvåle (Ap) hadde tatt turen frå Fusa for å vera med på opninga.
– Eg er oppteken av at vi får til aktive møteplassar i sentrum i tillegg til husa. Også vi fusingane er opptekne av utviklinga av Osøyro, for det er vårt regionssenter og har eit enormt potensiale. Vi treng disse dropin-plassane, påpeikte Kvåle.
Knyt Os sentrum til hamna
Sentrumsleiar William Lindborg donerte blomsterkassene som i fjor blei brukt til å dyrka kål og poteter i sentrum til plassen.
– Det er kjekt å stå på denne fine plassen og vera med på noko heilt heilt nytt. Dette er et viktig bidrag til å knytte Os sentrum nærare til hamna og vidare ut mot Oseana, som også er ein del av sentrum.
Opninga blei avslutta med eit musikalsk innslag av dei to ungdommane Sofia og Frida.
P.s. plassen har fått sin eigen emneknapp. Bruk gjerne #popupos på sosiale medier.