Vil møta ungdommen med popup-park
Ein ny samlingsplass er i ferd med å ta form i hamna. Kommunen håper den kan hjelpa dei å koma i dialog med ungdom om utvikling av Osøyro.
Kommunen har i samband med planarbeidet for Os sentrum og Osøyro invitert til fleire folkemøter, men utan å lykkast i å nå dei som skal leva lengst med "nye" Os, nemleg ungdommen.
– Vi tok difor utgangspunkt i hamneutvalet sitt innspill om å laga eit aktivitetområde for unge i Os hamn og er no i ferd med å skapa ein midlertidig popup-park, fortel Tina Sinclair, plansjef i Os kommune.
Ein møteplass
Fredag i førre veke "okkuperte" planavdelinga nokre av parkeringsplassane mellom pumpehuset og brua inst i hamna. Måndag starta arbeidet med å setta parken i stand ved å måla plassen.
– Vi ønskjer at dette skal vera eit prosjekt av og med ungdom. Ei av dei som har vore ivrig i UKM, Annika Svendal Os, har vore med oss på utforminga av plassen, men måtte gå litt før du kom, fortel Eva Korsøen, landskapsarkitekt og innleigd prosjektleiar.
– Tysdag kjem ungdommar frå Vartun som skal byggje benker og sitteplasser, så skal vi plante blomar og gjera området i stand før ordførarane Marie Bruarøy og Atle Kvåle, skal opna plassen fredag klokka 1330.
– Noko av tanken er å skape litt merksemd og å vise litt av moglegheitene ein har i eit byrom, forklarar landskapsarkitekten.
– Håpet er å få ungdommen med på å utvikla sentrum. Får dei vera med på det, så får dei også ein tilhøyrighet til sentrum og tek vare på det og nyttar det aktivt, supplerer plansjefen.
Arrangerer workshops til hausten
Målet er at plassen skal bli brukt som ein møteplass for ungdom og andre, og at det kan bli ein stad kor planavdelinga kan koma i dialog med ungdomar.
– Når vi inviterer til møter, så kjem dei vaksne og pensjonistane, men ikkje ungdommen. Håpet er at dette skal hjelpe oss å komma i dialog også med denne gruppa.
– Dette er berre starten på eit prosjekt som skal gå over eit års tid. Det har i dag gått ut brev til rektorane på dei vidaregåande skulane både i Os og Fusa. Vi skal trass alt bli ei kommune, så difor ønskjer vi å få med alle. Der har vi invitert dei med på å programmere dette rommet og koma med innspill og ønskjer.
– Tanken er at dei skal vera med å byggje rommet når vi kjem til neste fase, våren 2019, men før det vil vi gjennomføra ulike workshops med ungdommane. Dette handler vel så mykje om lokaldemokrati som eit reint planarbeid, understrekar Sinclair.