Lokal | 07. jan. 2013

Sit framleis fengsla

OPPDATERT 8/1: Mannen som natt til søndag blei tatt i væpna aksjon skal ha fremja trugslar. Blei dimittert etter avhøyr.

Sit framleis fengsla
Politiet rykte ut med fleire patruljer, også væpna styrker frå Bergen deltok i aksjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. jan. 2013 09:36

I 1-tida natt til søndag rykte store væpna politistyrker ut til ei adresse litt nord for Os sentrum.

Ein mann i 20-åra blei pågripen i ein udramatisk aksjon. Politiet tok òg beslag i ein pistol.

– Det var ein samling av ungdomar i huset då patruljane kom fram, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Ingen av dei som var i huset var truga, men mistenkte skal ha sagt at han skulle ta nokon.

– Mannen er ein kjenning av politiet. Han skal ha truga med å ta nokon, men har ikkje retta trugslane mot dei han sa han skulle ta.

Mannen sit framleis fengsla. Det blir i dag tatt stilling til om han skal framstillast for vidare fengsling.

Oppdatering 8/1:

Mannen blei måndag avhøyrd og deretter dimittert.

- Det viste seg at våpenet det var snakk om var ein startpistol.

- Mannen blei avhøyrd om saka og så dimittert, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.