Lokal | 06. jan. 2013
Mann tatt i væpna aksjon
Ein mann som viste fram ein pistol utløyste ein stor væpna aksjon i Os i natt.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. jan. 2013 09:41
I 1-tida i natt fekk politiet melding om mann med våpen, og Os fekk assistanse av fleire væpna patruljar frå Bergen.
– Sidan det var snakk om våpen så blei det sendt ut ein styrke som er førebudd på større aksjonar, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue.
Politiet rykte ut til ein bustad rett nord for Os sentrum.
Der blei ein mann i 20-åra pågripen utan dramatikk.
Politiet tok beslag i ein pistol.
– Ut frå notatane frå aksjonen så skal mistenkte ikkje ha truga, han skal berre ha vist fram pistolen. Men han har ikkje løyve til å ha denne, og er i dag i avhøyr.