Vêret i Os | 20. aug. 2024

Siste tørre dag på ei stund

Det er venta 19 gradar og sol neste veke. Men først: ein god porsjon nedbør.

Siste tørre dag på ei stund
Måsane får litt vind i nebbet i Os hamn i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. aug. 2024 12:06

Det er meldt opphald fram til 16-tida i dag, og mykje nedbør både i kveld og torsdag.

Men i morgon, onsdag, skil seg ut.

Med unntak av ei byge i 09-tida og i 16-tida er det meldt lettskya, opphald og 15-16 gradar.

Langtidsvarselet seier at også onsdag i neste veke kan bli tørr, solrik og endå varmare, opptil 19 gradar.

Men først: ein del nedbør og vind.

Det er meldt nærmast samanhengande nedbør frå torsdag til tysdag. Torsdag skal vindstyrken òg opp i optil 12,3 m/s, altså liten kuling.

Vinden skal koma frå sør mesteparten av veka, inkludert kulingen torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.