Sikta for drap
Ei kvinne blei funnen død ved ein bustad i Lyseklostervegen. Ein mann som sjølv varsla om at kvinna er drept er pågripen. Begge er rundt 40 år.
Litt før klokka 19 søndag kveld fekk politiet melding om at ei kvinne var drept utanfor ein bustad i Os.
Antatt gjerningsmann ringte sjølv og fortalte at kvinna var drept. Ho blei funnen død ved ein einesbustad i Åsen, mellom Ulven leir og Lysekloster-ruinane.
Mistenkte blei pågripen utan dramatikk.
– Vi ventar no på krimteknisk, sa innsatsleiar på staden, Gisle Anthun til Midtsiden i 20-tida.
I ei pressemelding klokka 23.30 fortel politiet mannen, som er i 40-åra, er sikta for drap (straffelova paragraf 275).
Politiet ønskjer framleis ikkje å seia noko om relasjonen mellom dei to. Av omsyn til etterforskinga vil dei heller ikkje seia noko om drapsvåpen eller dødsårsak.
– Vaksent par
Lensmann Oddbjørn Dyrdal skildrar alderen til begge to som vaksne. Dei skal òg vera foreldre, opplyser han til bt.no.
I 23.30-tida i kveld opplyser operasjonsleiar Morten Kronen at både den døde og mannen som er pågripen er rundt 40 år.
Familien til den omkomne blir tatt hand om av det kommunale kriseteamet.
Naboar seier til BT at bustadområdet er roleg og at dei alltid har opplevd paret som fredlege og hyggelege folk.
I avhøyr i kveld
Sikta blir forsøkt avhøyrd no i kveld.
Planen er å framstilla han for varetektsfengsling tysdag.
I kveld vil politiet òg ta kriminaltekniske undersøkingar og ta avhøyr av sikta og vitne. Det blir jobba med å kartlegga potensielle vitne og henta inn relevant informasjon.