Etterforskar mogleg drap i Os
Politiet etterforskar eit dødsfall i Os etter at mistenkt gjerningsmann sjølv ringte til politiet.
Politiet fekk rett før klokka 19 i dag melding om at ei kvinne skal vera drept i Os.
Kvinna blei funnen død utanfor bustaden sin kort tid etter.
– Det var den antatte gjerningsmannen som sjølv kontakta politiet, fortel Morten Kronen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Har du tips i saka? Kontakt Midtsiden på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no
Mistenkte blei pågripen ved Os lensmannskontor utan dramatikk. Han er no køyrd til Bergen.
– Det pågår no full etterforsking. Åstaden er sikra og vil bli gjennomgått av krimteknikarar utover kvelden.
Kvinna sine nærmaste blir ivaretatt av kriseteamet i Os kommune.
Politiet går førebels ikkje ut med meir informasjon.