Sikra sigeren på overtid
Lysekloster slo Sola, Brann 2 sikra opprykk i nest siste serierunde.
I dag blei 25. og nest siste serierunde i 3. divisjon spelt.
Lysekloster kjempa på bortebane mot nedrykkstruga Sola, som Lysekloster slo 5-0 på heimebane i juni.
I dagens kamp leia Lysekloster to gongar, etter to mål av nysignerte Jørgen Nordvold Lunde frå Elverum, men heimelaget slo tilbake og utlikna to gongar.
Men i 90. minutt kom toppskårar Alexander Dang og sikra sigeren med si skåring nummer 15 på 15 kampar for Lysekloster.
– Utanom Lunde sine skåringar i 2. og 10. minutt, var vi tre gongar åleine med keeper, og hadde nokre sjansar utanom dette også dei første ti minutta.
– Vi burde punktert kampen i løpet av dei første 5-6 minutta, meiner Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Sola kjempa hardt for å unngå nedrykk.
– Vi har berre plassering å kjempa om. Gutane skal ha honnør for måten dei gjekk i krigen på.
Sendte Sola til 4. divisjon
Sola står med tapet på 12. plass av 14 lag, 5 poeng bak Bremnes på trygg nedrykksplass.
Også Haugesund 2 og Rune Mo sitt Åkra rykker ned.
Myrlid skåra to då Brann 2 sikra opprykk
Brann 2 overbeviste mot Sandnes Ulf 2. Men 9-0-siger og 6 poeng bak til Fana, som tapte for Bjarg, er dei sikra opprykk til 2. divisjon.
Elias Myrlid skåra dei to siste måla til Brann 2.
Lysekloster kjempar om 3. plass
Fana er sikra 2. plassen med 4 poeng forsprang på Lysekloster, som ligg på 3. plass a poeng med Brodd.
Lysekloster avsluttar sesongen heime søndag mot Vidar på 5. plass. Brodd speler borte mot Åkra i serieavsluttinga.
- Tabell og terminliste på fotball.no