Tok ein knusande siger over tabelltoar
Lysekloster skåra seks mål på avdelingas mest gnitne lag.
– Det kjennest som om vi har tapt åtte poeng, sa Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter 1-2-tapet for Fana heime førre helg.
Tre kampar på rad hadde vippa i disfavør, Fana hadde overtatt 3. plassen og neste motstandar var tabelltoar Brodd.
Før gårsdagens runde, på 19 kampar, hadde Brodd berre 18 baklengsmål. Mot Lysekloster sleppte dei inn 6.
– Det var berre 1-1 til pause, men utover i første omgang viste vi oss som det sterkaste laget. I andre omgang tok vi fullstendig over kampen, seier Ruben.
Dang med 12 mål på 11 kampar
Håvard Rinde sette inn 0-1 i første omgang, midtstoppar Toni Takamaki sendte Lysekloster i leiinga med 1-2.
Kaptein Tobias Alme tok ned eit fint innlegg av Lloyd Fagerlie og sette inn 1-3 før Lloyd sjølv auka til 1-4.
Så kom Alexander Dang og skåra sitt mål nummer 11 og12 i sin 11. kamp for Lysekloster.
– Lysekloster får seg ofte eit løft etter pause, kvifor?
– Alle lag har stort sett energi og initiativ i starten på ein kamp, men eg opplever at vi bruker pausane konstruktivt og godt. Alle spelarane er veldig opptatte av å få til spelet, og kjem med gode bidrag i pausepratane vi har.
– Men akkurat kva som gjer at vi finn rytmen i går, er ikkje lett å seia. I fleire tidlegare kampar har vi fått nokre unødvendige mål imot, og blitt liggande å jaga, det slapp vi mot Brodd.
Klart best målforskjell
Heime i vår vann Lysekloster 1-0 over Brodd.
Lysekloster er no det laget i avdelinga som har skåra flest mål, med 52 skåringar på 21 kampar mot Fana sine 50 og Brann 2 sine 46. Brodd har skåra berre 29.
Lysekloster har saman med serieleiar Brann 2 klart best målforskjell med 23 mål i pluss. Fana er tredje beste med 14.
7 poeng frå toppen
Lysekloster ligg no på 4. plass 2 poeng bak Fana, 4 poeng bak Brodd og 7 poeng bak Brann 2 på topp.
Det er 6 kampar og 18 poeng igjen å kjempa om.
Neste kamp går laurdagheime mot Bremnes på 9. plass.
Tabell og terminliste på fotball.no