Sikra kvalifiseringsplassen
Med siger 24-15 over Kjøkkelvik sikra Os kvalifiseringsplassen til den nye 2. divisjonen. – Det var fantastisk deilig, jublar Gitte Torp.
Etter ein svært dårleg kamp mot Fana søndag, hadde Osdamene kniven på strupen då dei møtte Kjøkkelvik på bortebane seint måndag kveld. Med tap opna dei opp moglegheiten for Kjøkkelvik å ta dei att. Med siger ville Osdamene vera sikre den viktige 8. plassen, som gjev kvalifiseringsplass mot vinnaren av 3. divisjon (mest sannsynleg Dale eller Åsane).
Og Osdamene gjorde jobben!
– Det var fantastisk deilig å ta denne. Det var ein god siger, kor vi nok kunne ha vunne med meir, men det er eit greitt resultat å vinna med ni, seier assistenttrenar Gitte Torp.
Kjøkkelvik-Os 15-24 (8-13)
Utv: Kjøkkelvik 3x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Madeleine Hjertnes 6, Tonje Hjertnes 2, Emilie Hjertnes 4, Maria Stangeland Lunde, Hilde Kristine Røttingen 4, Vilde Brattabø 6, Vibeke Ingebrigtsen, Silja Lunde Espelid, Mona Stigen Heggeland, Elise Hjelle 2, Thiet Dang, Tiril Thomassen Grønvigh, Marte Øvreeide
Revansjelystne Osdamer
Trenarteamet med Trond Førde Eriksen og Gitte Torp hadde nok ønskt seg ei trening eller to mellom dei to kampane, men jentene viste at dei ville reise kjerringa etter den svake Fana-kampen.
– Det var ein revasjelysten og heiltent gjeng som møtte i Olsvikhallen. Vi var litt redde for at kampene kom for tett, men jentene viste at dei var konsentrerte og fine og feide all tvil til sides.
– Vi leia heile kampen igjennom og hadde grei kontroll. Det var nok òg med på å gjera at vi ikkje hadde det same stressnivået som kanskje har prega oss i eindel andre kampar.
– Måndag spelte vi rett og slett god handball med ei god Vibeke Ingebrigtsen i mål og ei Vilde Brattabø i skotet. Vilde viste gode tendenser allereie mot Fana, men då gjekk det stang ut. Måndag gjekk det stang inn. I tillegg gjorde ho tinga sine bra i forsvar, skryt Torp.
Best av to kampar
Med ei serierunde igjen, heime på bortebane i Sotra Arena mot Gneist, har Os framleis moglegheiten til å sikra seg direkte kvalifisering til 2. divisjon om dei slår Gneist (på 4. plass), samstundes som Stryn taper mot Bjørnar (på 10. plass) og/eller Fana 2 taper mot Årstad (på 11. plass).
Om alle dei tre laga vinn eller tapar sin siste seriekamp blir tabellen uendra då Os er svakara på innbyrdes oppgjør mot både Stryn og Fana 2.
Kvalifiseringskampen mot vinnaren av 3. divisjon skal spelast innan 8. mai og spelast som best i to kampar (heime/borte) om ikkje laga blir einige om berre å spele ein kamp på nøytral grunn.
Det er òg eit lite men i det heile. Om Viking TIF rykker ned frå 1. divisjon og ikkje Førde eller Fyllingen klarer kvalifiseringa til 1. divisjon, så rykker Os direkte ned.