Sport | 13. mars 2016

Årets viktigaste gjekk rett vest

Os ligg tynt an før sesongens to siste kampar.

Årets viktigaste gjekk rett vest
Verken spelarmøte i går eller timeout i dag var nok, Os spelte årsverste i sesongens viktigast kamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. mars 2016 21:49

Etter tap for Sotra på 2. plass og Fyllingen på 3. plass hadde Os endeleg ein meir overkomeleg motstandar i dag.

Fana 2 låg likt med Os med éin kamp meir spelt, med siger ville Os ha klatra opp frå kvalikplassen dei ligg på.

I staden blei det eit saftig tap.

Fana 2 - Os: 29-15

– Dette var sesongens viktigaste kamp for oss.Vi har førebudd oss godt, hatt ei grei treningsveke og eit konstruktivt spelarmøte i går, seier trenar Trond Førde Eriksen.

– Så går vi ut og gjer ingenting av det vi har avtalt. Eg skjøner ikkje kvifor, kanskje dei vil for mykje. Eg er veldig skuffa og synest synd på jentene.

1 mål på 30 minutt

Starten på kampen var ikkje så verst. Etter cirka 13 minutt leia Os 5-7.

– Dette var ikkje fordi vi fekk til det vi øver på, men takka vera ei god Vibeke i mål og nokre bra soloprestasjonar framover.

Så kom ein lang periode nesten utan nettkjenning.

– Vi skåra eitt mål på tretti minutt. Litt ut i andreomgangen sto det 15-8.

Ny, viktig kamp måndag

Os ligg på 8. plass med 18 poeng etter 9 sigrar, null uavgjorte og 11 tap.

Måndag er det nest siste runde. Den går borte mot Kjøkkelvik, som ligg på 9. plass med 14 poeng etter éin kamp mindre enn Os.

– Vi er allereie avhengige av andre. Taper vi i morgon er sjansen liten for at vi held oss i 2. divisjon.

Os har Gneist på 4. plass i serieavslutninga på heimebane. Kjøkkelvik har Årstad på nest siste plass før dei avsluttar mot Sotra.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.