Sikra i 20 år
St.Hansfeiring i Mobergsvikjo er sikra i nye 20 år etter at grunneigarane, kommunen og BOF signerte avtale tidlegare i månaden.
Mobergsvikjo har i mange år vore eit populært friområde i Os sentrum. For vel ei veke sidan signerte dei sju grunneigarane, kommunen og Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) avtalen som sikrar vedlikehald og bruk for ålmenta dei komande 20 åra.
Det er BOF som får oppgåva med å forvalta og tilretteleggja Vikjo slik at det blir eit funksjonelt friluftsområde. StorBergen Boligbyggerlag gav allereie i mai 2011 1,5 millionar kroner til opprusting av friluftsområdet.
– Vi vil gjera Mobergsvikjo tilgjengeleg for alle, også rørslehemma. Det vil koma mur, treverk, plattingar og grillplass, fortalde informasjonssjef Espen Børhaug i StorBergen den gong.
Planen i mai var at opprustinga skulle vera ferdig til sommaren 2012, men det har blitt venta med arbeidet sidan det ikkje låg ei gyldig avtale med grunneigarane på plass.
BFO skal drifta
I avtalen som no er på plass står det at BFO har driftsansvaret inkludert slått av marka, stell og tømming av toalett, renovasjonsordning og rydding etter behov. Ein representant frå grunneigarane skal oppnevnast som kontaktperson for BFO.
Ved større arrangement, slik som St. Hansfeiringa Oseana med samarbeidspartnerar skipa til i fjor, skal grunneigarane varslast på førehand.
Etter det Midtsiden kjenner til er planane for sommarens St. Hans-feiring i Vikjo allereie i gang, så då gjenstår det berre å sjå om StorBergen og BFO rekk å gjera arbeidet ferdig i tide.
Børhaug fortalde Midtsiden i oktober at planen var å ta til på arbeidet i februar og rekka St. Hans-feiringa i juni.