Fotball | 24. aug. 2021

Sikra eitt poeng i serieopninga

Søre Neset fekk bryna seg på Øystein Takle Eide og resten av Fana 2 i første serierunde.

Sikra eitt poeng i serieopninga
Kaptein Christer B. Olsen sette inn 2-2-målet og sikra poeng borte mot Fana 2.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. aug. 2021 08:06

Søre Neset er, etter å i 2019 ha rykka opp for andre år på rad, tilbake i 5. divisjon.

Fredag starta dei serien borte mot Fana 2.

– Etter treningskampen mot Os 2 i starten på juli, har fleire kome seg i trening igjen, i tillegg har vi fått nokre nye spelarar, seier Lars Rune Moberg i trenarteamet.

Blant dei nye er fleire erfarne spelarar, som Frode Øvredal, Stian Bakke og Børge Borgen. Øvredal og Bakke spelte i serieopninga.

– Eg er meir optimist no enn eg var i juni. Vi har rundt 30 spelarar, og treningsøktene er intensive, med god energi.

Sesongstart med poengdeling

– Fana 2 er eit godt og spelande lag, og dei spelte oss låge, fortel Moberg.

Søre Neset tok likevel leiinga. Peter Armstrong gav Søre Neset 0-1-leiing i 11. minutt.

Men vertane utlikna, og rett før pause, etter ein Søre Neset-corner, sikra nysignerte osingen Øystein Takle Eide 2-1-leiing til Fana 2 på kontring.

– Vi la om taktikken i pausen, og kriga oss inn i kampen igjen.

Kaptein Christer Olsen utlikna, og 2-2 sto seg kampen ut.

– Dei hadde ballen mest, men skapte ikkje så mykje. Sjølv om Fana 2 var spelemessig betre, var nok 2-2 eit greit resultat ut frå sjansestatistikken, synest Moberg.

Fana 2 - Søre Neset 2-2 (2-1)

Målskårarar, Søre Neset: Christer Bergesen Olsen og Peter Armstrong

Søre Neset: Frode Moberg Øvredal - Audun Røren, Tim André Folkestad, Stian Bakke (debutant), Mats Lepsøe (debutant), Ørjan Bjørgo Hellesnes, Alexander Bøthun Sulen, Aleksander Lindkvist. Peter Øyvind Armstrong (debutant) og Christer Bergesen Olsen.

Innbytarar: Andreas Lind Olsen og debutantane Martin Rennesvik Bruarøy, Tobias Dørmænen Øyjordsbakken, Markus Hufthammer, Marius Alexander Linde, Aleksander Hjelle Havsgård og Henning Wold Gjelsvik

Heimekamp torsdag

På corneren før Fana 2 si 2-1-skåring blei målskårar Peter Armstriong skadd i duell med keeper. Moberg håper han er kampklar igjen allereie i neste runde.

Første heimekamp er førstkomande torsdag.

Søre Neset tar imot Smørås 2 med kampstart klokka 20.

Smørås 2 slo Bjarg 2 2-0 i sin første kamp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.