Sette verdsrekord!
121 osingar, blant dei elevane ved Hegglandsdalen skule og ungane ved Flåten Naturbarnehage kan no kalla seg verdsrekordhaldarar.
Onsdag 11. mai blei det arrangert verdsrekordforsøk i orientering på ulike plassar i heile verda. Ein av klubbane som deltok var Os orienteringsklubb som la arrangementet til Kyrkjeflaten med stopleløp, skulpturorientering og meire til.
Framleis er ikkje oppteljinga av verdsrekordsforsøket endel ferdig, framleis manglar 735 stader å registrera, men allereie er det klart at det blir ny verdsrekord!
– Endeleg frist for rapportering er fredag kveld, men det er klart. Det vart ny verdsrekord, fortel Tommy Sævareid, leiar i Os Orienteringsklubb.
I skrivande stund er det registrert 228 808 deltakarar. Den gamle verdsrekorden var på 207 979 deltakarar.
Størst i Hordaland
79 land deltok med arrangement på 2581 ulike stader. I Noreg er det registrert 16 342 deltakarar.
– Vi er registrert med 121 deltakarar og er med det den største bidragsytaren blant orienteringsklubbane i Hordaland.
– Tusen takk til Hegglandsdalen skule, Flåten Naturbarnehage og alle dei andre som var med på å setta ny verdsrekord ved å ha det morro på Kyrkjeflaten, avsluttar Sævareid.