Sette opp odds på politikarstafetten
Laurdag skal alle partia i Os ut i 4 x 100 meter under opning av Os Idrettspark. No har Betsson sett opp odds på politikarane.
Som vi skreiv i juli kan du tena store pengar om Søviknes mister ordførarkjedet sitt etter valet.
Men no har Betsson, på oppdrag av Midtsiden, også sett opp odds på den komande politikarstafetten på Kuventræ laurdag (i 13-tida).
– Alle partia stiller lag, det synest vi er knallbra, seier Sverre Mowinckel-Nilsen frå friidrettsgruppa til Os Turn.
Men kven har størst sjanse?
Venstre blir, med friidrettsinstruktør Mari Lund Eide på laget, sett på som favoritt. Men ingen trur at Søviknes ikkje tar dette på alvor, og han segla opp som favoritt.
Oddssejtjaren hos Betsson har sett det opp slik
(med kommentarar under)
Venstre 4.00
Fremskrittspartiet 5.00
Arbeiderpartiet 6.00
Høyre 6.00
Miljøpartiet de Grønne 6.00
Senterpartiet 8.00
Sosialistisk Venstreparti 9.00
Kristelig Folkeparti 12.00
Tverrpolitisk Samlingsliste 15.00
Venstre: Har vore tydeleg i si støtte til idrett og har mange spreke unge på lista. Dei stiller med friidrettsinstruktør Mari Lund Eide på laget og er soleklar favoritt.
Frp: Her må Søviknes finna seg i å vera utfordrar. Men vinnar-skallen til ordføraren kjem nok til å samla eit godt lag frå ei lang liste av medlemmar og sympatisørar.
Ap: Seglar i medvind på meiningsmålingane og har ei lang og sprek liste å ta av.
H: Er truleg full av fightervilje etter svake målinger. Har dessutan motbakkeløpar og triatlon-kjempe Ståle Skaatun i stallen.
MdG: Ung og frisk gjeng som ligg an til å, for første gong, få to mandat i kommunestyret.
Sp: Bøndene i Os er sterke og sunne, og nokre av dei er truleg også lett til beins.
SV:Det minste partiet i Os, men kan definitivt overraska. Fleire på lista er i grenseland til lynraske.
KrF:Har litt færre å ta av enn dei største partia, men har sterk tru på alt dei jobbar med.
TvS: Lang og breitt samansett gruppe, har nok ingen problem med å setja saman eit slagkraftig lag til kva som helst anledning.